Likar å flyge |
||||||||
![]() |
Tommy Lianes viste att i hoppbakkane på Stavsengfjellet søndag. Han vann ti-års klassa og var prøvehoppar i 30-meters bakken. | |||||||
29. januar 2003
|
||||||||
| Tommy Lianes frå Stordal vann si klasse overlegent med 223,7 poeng. | ||||||||
| - Det kjekkaste med hopp er å flyge, seier Tommy Lianes (10) frå Stordal idet han er ferdig med to omgangar i si klasse. I første omgang hoppa han 18,5 meter i 18-meters bakken, andre omgang ga 19 meter som resultat. Han vann klassa si med størst poengsum av alle renndeltakarane denne søndagen. Den målbevisste lysluggen har ikkje tid å kaste vekk for mykje tid på journalistar, han er på veg opp til prøvehopping i 30-meters bakken. Det varer ikkje lenge før eit par neongule ski susar utfor hoppkanten, og speakeren opplyser at Tommy har prøvehoppa på uredde 22,5 meter. Også andre lokale aktørar gjorde det godt i dette kretsrennet: Klasse 9 år K-10 jenter: 1) Henriette Lied Liabygda IL. Klasse 11 år K-10, gutar: 1) Kristian Sletten Stordal IL. Klasse 9 år, K-18: 1)Mats Rune Lillås Larsen SIL, 2)Lars Erik Andersen VIL. Klasse 11 år, K-18 gutar: 3)Hasib Hadzalic SIL. Klasse 12 år, K-18: 19Fehim Hadzalic. Klasse 13 år, K-30: 2)Sindre Holtleite SIL, klasse 15 år, K-50: 1)Stig Tore Lied, LIL. Klasse veteran 30-39år, K-50: 1)Per Ivar Skodjereite SIL. Klasse veteran 40-49 år, K-50: 1)Tor Arild Malin SIL. Klasse veteran 50-59 år, K-50: 1)Sindre Helland SIL. Klasse senior B K-65: 2)Joakim Helland SIL. Deltakinga var ikkje like stor i alle klassane, men Hasib Hadzalic hadde seks andre hopparar å bryne seg på og Sindre Holtleite sju. Tommy og dei andre hopparane trenar vanlegvis to gongar i veka i Fjellbakken. Den nye varmestova er teken i bruk, alt ligg til rette for at framtida for hoppsporten på indre strok kan utvikle seg. |
||||||||