Skapte nytt av gammalt |
||||||||
![]() |
Av gamle vekeblad, lim og saks kan det bli kunst. Det fekk elevar ved Valldal skule sjå under vandreutstillinga som Gisle Harr har laga. Etterpå fekk ein del elevar sjansen til å gjere det same. | |||||||
29. januar 2003
|
||||||||
| Biletkunstnar Paolo Manfredi leia elevane gjennom prosjektet der ein skulle lage tredimensjonalt av todimensjonalt. | ||||||||
| Saman med elevar og lærar for sjuande klasse onsdag, var kunstnar Paolo Manfredi. Han jobbar vanlegvis som biletkunstnar på Tingvoll, men i vår reiser han rundt på skular med oppdrag frå statlege Riksutstillinger. Prosjektet som vitja Valldal og som sysselsette fjerde og sjuande klasse i to dagar, vert kalla «Kart og geografi - Hoppalong!» Sjuande klasse jobba hardt med å klippe og lime svarte boksar som skulle romme tre-dimensjonale bilete med belysning. Dei fekk hjelp av lærar og kunstnar Paolo Manfredi. Som materiale klipte elevane ut todimensjonale bilete frå blad og postkort. Dei hadde modellar å sjå etter; kunstnaren Gisle Harr sine tredimensjonale boksar stod utstilte i musikkrommet. Det blei ein hektisk dag for å få ferdig alle boksane. Etterpå har kunstnar Paolo tid til å forklare litt omkring prosjektet: - Kva vil ein oppnå med å la elevane utføre denne type oppgåver? - Ein gjenspeglar vår verd i stor grad, vi er så samansette. Dette er kanskje ein nykel for å forstå vår tid. Det krev at elevane må setje seg inn i ting, gå gjennom bileta og nytte brukt materiale for å skape noko nytt. Dei må bestemme kva som kan brukast og kva som skal vrakast. Paolo Manfredi trur også det kan ha noko med perspektiv å gjere: - Korleis er det å jobbe med elevar? |
||||||||