God innsats i Molde

Under NM på Skaret i Molde sist helg markerte dei tre jentene frå Valldal seg godt. Anne Eli Tafjord var med alle dagane, siste dagen var det stafett. Saman med seg på laget hadde Ann Eli Tina Fuglem og Camila Myren Døving.
7. februar 2003
Tekst: Kenneth Strømsøy
Foto: Per Tormod Nilsen
Ann Eli Tafjord synest det gjekk greitt i NM: – Det gjekk så bra som det kunne gått.
Eit par veker før NM ville ho ikkje ut med dei altfor store ambisjonane; ho hadde vore litt sjuk, og hadde ikkje fått så mykje hardtrening. Det skulle ho freiste å rette på før NM. Men det var no klart at ho ville ha ny besteplassering i NM, som frå før var 18. plassen i fjor som var første året ho gjekk NM.
I år vart det 12. plass på 5 km klassisk, 13. plass på 15 kilometeren (fri teknikk), 15. plass på sprinten og 11. plass for Valldal IL på stafetten, der ho veksla heilt framme på 4. plass etter første etappe og fekk mykje ros av kommentatorane i NRK, som fleire gongar opplyste at ho har ei dotter på åtte år som heiter Edel.
– Det var veldig fint føre og fine forhold. Stemninga var god, og det var mykje publikum, seier Ann Eli Tafjord.
Framover satsar ho på norgescupen, og det som er att av NM. NM er nemleg delt i to, og i mars vert det 30 kilometer klassisk og 10 kilometer duathlon, som er 5 kilometer klassisk følgd av 5 kilometer fri teknikk, utan opphald mellom løpa.

Ung og lovande

Ei anna som gjekk godt for Valldal IL i NM, var 16-årige Camilla Myren Døving. Ho gjekk andreetappen under stafetten, og sjølv om ho miste fem plassar, var det betre enn ein kunne venta seg av ein så ung kropp.
–Det var gøy! synst Camilla. – Men eg gjekk ikkje så veldig bra; eg var litt sjuk, og kunne gått betre om eg hadde vore frisk.
Men Camilla synst det var ei stor oppleving, og ho vart «ei erfaring rikare». Framover satsar ho på norgescupen for juniorar, og vonar å kome til finalen i Trondheim. I slutten av månaden er det junior-NM, og der er målet å gå så fort som det er råd. Og det har Camilla Myren Døving tenkt å halde fram med. For ho er langt frå lei av å gå på ski.