Ny rektor ved Liabygda skule |
|||||||
![]() |
Pål Bjørn Øvrebust, den nye rektoren ved Liabygda skule, er ein ekte stordaling. | ||||||
7. februar 2003
|
|||||||
| Pål Bjørn Øvrebust er ny rektor ved Liabygda skule. | |||||||
| Etter lærarskulen i Volda var han lærar ved Valldal skule i tre år. Seinare var han lærar på Gjermundnes landbruksskule i seks år. No sluttar han som lærar og klassestyrar for oss i 10 klasse til fordel for rektorjobben ved Liabygda skule. Eg vil no prøve å få finne ut kva som kunne få han til å gjere dette valet. Pål har bygd hus på Storheim og bur der saman med Elisabeth Lorgen. Saman har dei borna Martine (6 år 13. februar) og Vilde (2 1/2 år). Dei ventar også snart eitt til. Han er ein ivrig langrennsløpar, og er trenar i langrennsgruppa i Stordal. Han spelar også på det etter kvart vidgjetne oldboys-laget i Stordal. For tida pendlar han mellom lærar- stillinga ved Stordal skule, der han fram til jul var klassestyrar for 10.klasse, og rektorjobben ved Liabygda skule. Men etter vinterferien er det slutt på jobben ved Stordal skule. Då kan han konsentrere seg for fullt om rektorjobben. - Kvifor valde du å søkje på rektorstillinga i Liabygda? - Som rektor har du stor innverknad på korleis skulen skal drivast. Eg har mange tankar, og ein del erfaring, om korleis eg meiner ein skule skal og bør drivast. Som rektor ved Liabygda skule vil eg kunne jobbe med å utvikle skulen kvar dag. Dette ser eg på som ei stor utfordring. - Korleis likar du det å være rektor ved Liabygda skule? - Eg likar det godt. Det er kjekke elevar og lærarar. Liabygda skule er ein skule som har kome langt på mange område. Uteskule, leseprosjekt, utvida skuledag og mykje fysiske og praktiske aktivitetar har hatt fokus dei siste åra. Det har også vore eit tett og godt samarbeid mellom heimen og skulen. Dette er område som eg vil jobbe for å utvikle vidare. - Har du dårleg samvit sidan du forlet 10. klasse midt i skuleåret? - Litt.10 klasse er ei kjekk klasse, som eg har likt svært godt å arbeide saman med. Men eg veit at dei er i beste hender resten av tida på Stordal skule. - Kva ønskje har du som rektor? - Eg ønskjer at Liabygda skule, som i dag, skal vere ein skule som elevar, lærarar og foreldre er stolt av. Eg ønskjer også at Liabygda skule skal vere ein skule der alle føler dei lykkast og blir lagt merke til. Eg vil også at skulen heile tida skal arbeide for å bli betre på alle område. Vi skal aldri lene oss tilbake og vere tilfreds med den jobben vi gjer, men heile tida sjå korleis vi kan bli betre. - Kva er skilnaden mellom å være klassestyrar og rektor? - Som rektor har du ansvar for heile skulen; elevar, lærarar, undervisning, bygningar og økonomi. Som klassestyrar er ansvaret meir knytt til elevane i klassa. Eg takkar for intervjuet og ønskjer lykke til i den nye jobben. Men eg kan likevel ikkje heilt forstå at han kunne velje liabygdarane framfor oss! |
|||||||