|
|
Det prosjektet vi får vite minst om, men som politikarane set først på prioriteringslista er Galleri Tafjord. Ein av dei som jobbar med denne saka er Astor Furseth, og han kan opplyse at prosjektet er kraftig utvida, slik at glaskonstruksjonen ved Zakariasdammen, Bjelken, kun er ein del av det heile. I slutten av februar blir det viktige møte om saka, og etter dette vil ein større del av planane bli offentleggjorde. Furseth seier at samarbeidet går greitt både med Tafjord Kraft og kommunen. Det blir no jobba med godkjenning når det gjeld sikkerheit, og sidan prosjektet har vorte så stort, skal søknadene om dette handsamast høgt oppe i systemet. Det skal utgreiast kor vidt det er fare for naturkatastrofar som store skred og flaumar, opplyser Astor Furseth.
Han skildrar planane som eksepsjonelle, men arbeidsgruppa har ikkje møtt store hinder i planlegginga av dei utvida konstruksjonane. Norddal kommune går inn med eigenkapital i Tafjord-prosjektet med 4 millionar kroner. Furseth kan enno ikkje opplyse kven dei store eksterne investorane er.
Konkret
Ragnar Lødøen er talsmann for investorane som er interesserte i å starte to prosjekt på Murigrandane i Valldal; helsehus og spahotell.
- Kva skjer no, er planane om helsehus og hotell konkrete?
- Det er konkrete ting på gang både når det gjeld helsehus og hotell. No blir eit utall brikker som skal på plass lagde, seier Lødøen. Han fortel vidare at det vert arbeidd med skisse over helsehuset, og at det truleg vil bli ei sjølvstendig eining som skal liggje nært Muritunet.
- Kva er tidsperspektivet på desse planane?
- Når det gjeld helsehuset, står vi no framfor planlegging og byggfase, sier Lødøen. Han synest det er vanskeleg å seier kor lang tid ein må bruke på kvar fase, men understrekar at prosessen med bygget er i gang.
Ragnar Lødøen fortel han har fått eit enkeltoppdrag frå næringsfondet til å gjere enkelte utgreiingar i samband med helsebygget. Han er oppteken av at ting no skjer raskt framover:
- Det er viktig at dei som har direkte med saka å gjere, brettar opp ermane og gjer det som skal gjerast fort. Investorane som er inne i bildet, kan ha interesse av å investere pengane sine andre stader også, seier Lødøen.
Det er to investorar inne i bildet, ein hovudinvestor for helsebygget og ein for hotellet. Dei er enno ikkje villige til å stå fram offentleg.
Ragnar Lødøen er nøgd med dialogen som no er med kommunen, og ser på prosjekta som ei fantastisk mulegheit for Norddal.
- Det betyr mykje måten vi behandlar dette på framover, seier han.
Vakuum
Norddal Næringshage og Norddal Elverk har vore i arbeidsmøte med ordførar og rådmann, og presentert sitt syn på hussituasjonen til bedriftene. Dagleg leiar i næringshagen, Charles Tøsse, seier dei fekk forståing og aksept for at eit nytt bygg på Grandane er det beste alternativet, men at det politiske miljøet må finne ei løysing på finansieringa til dei mange spennande prosjekta som no treng midlar. For næringshagen sin del skildrar han situasjonen som eit vakuum:
- Vi håper å kome ut av dettte vakuumet som vi er i no for å få etablert næringshagen fysisk. Vi er allereie inne i 5-årsperioden der vi får støtte frå fylkeskommunen og SIVA.
I det blå
Rådmann Kjell-Roar Henriksen ser ikkje heilt kvar ein skal finne rom i økonomien til kommunen sin del av prosjekta.
- Finansieringa blir den store bøygen og utfordringa. Alt må takast med i ei heilheitsvurdering og dette må opp til politisk behandling, seier Henriksen. Han opplyser at det vert eit ekstra kommunestyremøte den 24. februar, der han håper politikarane kan gi signal om kvar vegen går vidare. Det må bli klart korleis ein skal prioritere og finansiere, og kva tidsperspektiv som skal setjast på gjennomføring. Plasseringa av FDV og næringshagen må avklarast. Først etter dette møtet kan administrasjonen byrje å planleggje gjennomføring av prosjekta, som grunnlag for vedtak i kommunestyremøte 6. mars.
Det tiltaket som er mest i det blå og der tida er i ferd med å renne ut, er finansiering av nybygg til elverket og næringshagen. SIVA står klar med midlar, men det er ikkje sikkert kor lenge pengane står disponible. På eit lukka kommune-
styremøte i haust vart det vedteke å bruke 4 millionar kroner på Galleri Tafjord, midlar som opprinneleg var planlagt å bruke til å delfinansiere utbygging av næringshagen.
- Vi må kanskje finne andre modellar for å finansiere næringshagen, der kommunen i verste fall ikkje er med i det heile tatt, seier Kjell-Roar Henriksen. Han nemner også at det er lagt opp til subsidiering av husleiga i dette bygget i ein del år framover.
- Meiner du alle dei skisserte prosjekta er reelle?
- Eg ser på dei som reelle inntil det motsette er bevist. Om dette vert handsama på rett måte, kan fleire av desse tiltaka skape vekst og ny optimisme som kommunen sårt treng. Informasjonsbehovet utad er aukande, og eg trur at om ikkje alt for lenge må det bli meir konkret kven som er investorar og kva prosjekta går ut på. Etter kommunestyret 6. mars bør meir vere klart, seier rådmannen. |
|