Vakker mønstring |
|||||||||||
![]() |
Eit variert knippe sceneinnslag og som vanleg i Stordal, eit begrensa men kvalitetsfullt utval teikningar og formingsting, ga ein fullsett Grendasal ei multioppleving søndag. | ||||||||||
12. februar 2003
|
|||||||||||
| Sketsjen Det engelske ekteparet fekk latteren fram i salen. Dei som stod bak var Hanne Staurset, Martine Vinje Tøsse, Hege Selboskar, Natalie Høiberg Aasen, Eva Holmelid og Sissel-Helene Hove. | |||||||||||
![]() |
To tilsynelatande rutinerte og til tider svært komiske programleiarar frå 10. klasse limte Ungdommens kulturmønstring saman til eit vakkert og variert puslespel av drama, musikk, sang, trampoline, teikning og formingskunst. Programmet i år var prega av fleire akkustiske innslag og mindre play-back og miming enn før, og dette var med og heva opplevinga. Sjuande klasse ved Stordal skule hadde gripe fatt i storpolitikken og ga gjennom sin «Freds-rap» uttrykk for kva dei meinte om umodne statsleiarar som yppar til krig. Ein samkøyrd og sterk opptreden med eit klart og velforma budskap. Ein fin overgang til pausen og sjokoladekakene blei det å kome inn i storhallen for å få med seg trampolineshowet til Steffen Staurset og Lars Eirik Vinje. Lars Eirik hadde skada seg, så Steffen tok seg av framvisinga av trampolinetrick, i tillegg til sitt eige samansette program. I videoinnslaget «Rampestrekar» fekk Robin Aasen vist sitt komikar-talent, og hausta høge lattersalvar frå salen. I tillegg til godt skodespel, hadde dei seks bak videoen gjort ein god jobb også på ide og regi, og imponerte med lange, uklipte opptak med handhelde kamera. Marit Skram frå Vestnes spelte overbevisande på piano i «Vals til en liten pike». Om ikkje publikum hadde lete seg imponere før, så gjorde dei det i alle fall då Maria Holand Tøsse gjekk på scena og song «Part of the world». Når ein artist går inn i sangen med heile seg, slik Maria gjorde under sin opptreden, då er det godt å sitje i salen og ta imot. Kunstverket i tre som heitte «Er det ikkje rart», stilte sterkt både når det gjaldt originalitet og innhald. Å risse kjærleikstankar inn i tre er ikkje nytt, kunst vert det først kalla når fjøla kjem inn i hus, vert lakka og montert på ein rotør. Kven kan ikkje kjenne seg igjen i alt det rare som skjer når ein vert forelska, akkompagnert av lukta av tyggegummi? Det er berre å gle seg til neste års utfalding av ung kreativitet. |
||||||||||
| Maria Holand Tøsse var akkompagnert av Marianne Ravn Stavseng i Part of the Wold. | |||||||||||
![]() |
![]() |
||||||||||
| Viss nokon hadde sagt de sku bli fred, det hadde vore ein fin beskjed | |||||||||||
| Forelska personar har rissa i tre til alle tider. Er det ikkje rart? heiter kunstverket til Liv Gunvor Hove Midtbust, Maren Langlo, Karina Larsen og Silje Aasen. |
|||||||||||