Erfaringar frå Sverige |
|||||||
![]() |
Arbeidet med å setje saman søknaden til UNESCO om verdsarv-status går sin gang. I Geiranger var det informasjonsmøte om prosessen, der tilhøyrarane fekk innblikk i kva statusen har hatt å seie for Södra Öland i Sverige. | ||||||
19. februar 2003
|
|||||||
| Interesserte tilhøyrarar i Geiranger fekk eit innblikk i arbeidet med å setje saman eit søknadsdokument for å oppnå verdsarvstatus. (Foto: Ingrun Myklebust) | |||||||
| - Når så mange menneske kan overleve på så lite som eg har sett i dag, må de kunne klare å få noko ut av verdsarvstatusen, sa tidlegare storbonde og talsrøyr for verdsarvområdet Södra Ölands odlingsselskap, Johan Danielsson. Han kom til informasjonsmøtet i Geiranger for å formidle erfaringar dette svenske jordbruksområdet har hatt med det å ha status som verdsarvområde. Tre hundre grunneigarar var svært skeptiske i starten. Området var allereie regulert av fleire verneinstansar som la restriksjonar på aktiviteten til bøndene. Det viste seg at det ikkje vart ytterlegare restriksjonar som følgje av verdsarvstatusen. Han er basert på landet sine lover. Det er derfor andre reguleringar som kan hindre oppstart av nye næringar eller utvikling av eksisterande. Danielsson viste at utvikling skjer. Det var til dømes ikkje problem for dei som hadde hus i dei verna bo-formene som radbyane utgjer på Öland, å få løyve til å byggje hus utanom desse. Til grunn for ein søknad om verdsarvstatus skal det liggje ein verneplan. Det er meir truleg at det er denne planen som kan setje grenser for uvikling av eit område. Ordførar Arne Sandnes seier det er ønskjeleg at også Tafjord er med i den skisserte verneplanen for Geiranger-Herdalen, for også å få Tafjord med i området som kan få verdsarvstatus. Han meiner Tafjord har svært aktuelle søkekriterier som rasaktiviteten i Jimdalen, skredhistoria til heile området, og dei spesiell geologiske tilhøva som formar landskapet. Det utbygde området ved innkøyringa til Tafjord vil truleg vere eit minus i ein søknad, og kan takast ut og kallast buffersone. Det same er planlagt gjort med Geiranger sentrum, seier Sandnes. Han opplyser at kommunen får besøk av UNESCO-ekspertar i mai for å gjere synfaring i Tafjord. Jon Suul frå Direktoratet for naturforvaltning arbeider med å setje saman søknaden til UNESCO. Han fortalde forsamlinga i Geiranger at ein i denne saka fyl same malen som i Sverige, der det vert inngått ein intensjonsavtale. Denne avtalen skal sikre at grunneigarar og andre veit kva ein har å forhalde seg til etter at statusen er på plass. I Öland-avtalen var det teke med punkt som; turisme og øvrig næring skal få utviklast vidare, og jaktretten skal ikkje påverkast av verdsarvstatusen. Dette siste punktet gjorde at mange av dei skeptiske grunneigarane sa ja til listinga. Av kritiske punkt i framdrifta til søknaden nemnde Jon Suul at tidsrammer må haldast. Fristen for å sende inn søknaden er utgangen av januar 2004. Det kan også vere ein fare for at internasjonale ekspertar kjem på synfaring, som ikkje klarer å sjå samanhangane ein prøver å få fram. Nominasjonsdokumentet skal vere av ein viss kvalitet, og her er det tydelegvis snakk om å bruke ord som «eineståande» og «unikt» meir enn ein gong. Om alt går etter planen, kjem Geiranger-Tafjord-området på verdsarvlista i 2005. Undersøkingar viser at ein året etter listinga kan vente ein oppgang i den utanlandske turisttrafikken på om lag 40prosent. |
|||||||