Framover med fortida

Det er freistande å kalle Einar J. Hove for den store trådtrekkjaren i Stordal. Men det er truleg meir rett å seie at han samlar trådane og sender dei vidare. Sjølve trekkinga må stordalingane gjere saman, om ikkje trådane skal vase seg i kvarandre.
19. februar 2003
Kenneth Strømsøy
Tilhøyrsle, kunnskap og samarbeid er vegen til utvikling for Stordal, meiner Einar J. Hove.
Rasjonalisering og effektivisering er ikkje berre tidas moteord. Slikt dreiv siviløkonom Einar J. Hove og preika om allereie på femtitalet, og innhaldet i preika var mykje det same som i dag, meiner han. Tida har ikkje fått han til å endre syn på rasjonaliseringa, men det er mykje som har gått både for langt og i feil retning, og resultatet er nedbygging av lokalsamfunna.
– I dag er det ikkje lenger landsbygda som er utkant, det er sjølve bygdene og til og med Ålesund som har vorte utkantar, seier Einar Hove.
Då han fann det for godt å sjølvpensjonere seg og selje ut Hove Møbler i 1998, sette han seg ned og skreiv bok om Stordal og Langsætrane. Han kom fram til at det viktigaste for å få folk til å trivst, var å kjenne tilhøyrsle. Utan tilhøyrsle til staden, er det ikkje råd korkje å skape utvikling eller hindre folk å flytte frå bygda. Han ville freiste å snu den utviklinga som ikkje lét seg snu: Han ville få folk til å bu og leve i Stordal.

Øvre Stordal

Einar Hove følgde det gamle slagordet til Hove Møbler, han tok utfordringa, og sette i gang arbeidet med Stordal sogelag, som vart skipa i mai 2001. Sogelaget skal gje stordalingane kunnskap om og tilhøyrsle til natur og kultur. Med denne føresetnaden i botn heldt Einar Hove fram med å finne ut kva verdiar som finst i Stordal, kva som kan skape vekst og utvikling for kommunen framover. Resultatet vart Prosjekt Øvre Stordal, som vart skipa i oktober 2001. Øvre Stordal er full av verdiar: Der er storslegen natur og restar av gammal seterkultur, her er gamle tufter og Trollkyrkjegarden, her er senter for skisport og ikkje minst gamle turstiger og ferdaveger.
Dei gamle ferdavegane til hestemarknaden i Veblungsnes var så spanande at Einar Hove kalla inn til ikkje mindre enn eit interbygdelagsogemøte, eit møte for bygdelaga i heile egnen, for å diskutere korleis denne ressursen kan nyttast. Fortidsminneforeininga var òg til stades, og nyhendet herfrå er at foreininga ønskjer å stø ei satsing på desse ferdaleiene. Dermed kan det verte arrangert natur- og kulturhistorisk tur frå Nordfjord til Romsdal allereie til hausten.

Ferdaleier

Einar Hove har god tru på at ferdaleiene kan vere med å trekkje folk til Øvre Stordal. Men dette er berre byrjinga på utviklinga av Øvre Stordal. På sikt er målet å stogge fråflyttinga frå området, og kan hende til og med snu flyttestraumen. Då må det utviklast levedyktige næringar, først og fremst tenestenæringar, men òg til dømes framstilling av gardsmat. Grunnlaget for desse næringane vil i førstninga vere folk som kjem langs ferdaleiene, eller på anna vis, for å oppleve kultur og natur i Øvre Stordal. Men Einar Hove er nøyen med rekkjefølgja: Først må det kome folk til området, så kan ein starte opp og tilby dei tenester, og så kan det kome fleire folk. Men aller først må ein syte for at nokon ønskjer å kome, og då må det vere noko å tilby, og ikkje minst treng ein marknadsføring – god og skikkeleg marknadsføring, med logoar og internett og alt anna som moderne kommunikasjon nyttar seg av. Og då er vi brått inne på næringshagen:

Næringshage

– Næringshagen skal først og fremst tilby kunnskap og tenester til dei andre verksemdene og laga i Stordal, meiner Einar Hove. Han ser for seg næringshagen som eit kompetansesenter, ikkje berre for næringsutvikling, men òg til dømes for kunnskap om historie og kultur. Derfor har både sogelaget og Prosjekt Øvre Stordal fått sin pult i næringshagen. Einar Hove har òg vore inne på tanken å få eit slags kulturelt og kreativt forum inn her.
For Einar J. Hove er fortida og framtida, næring og kultur, kunnskap og formidling deler av ein stor heilskap som er ikkje mindre enn framtida til heile stordalsamfunnet.