Fole fin årsfest |
|||||||
![]() |
Revyen under den sjette årsfesten for Stordalshallen vart ein flott framsyning. Det var stor variasjon og breidde i nummera, og det heile var imponerande godt sydd i hop som fjernsynskanalen Røbbane Rundfunk. Stor stas vart det òg for Vebjørn Løfoll, som fekk ikkje mindre enn tre prisar. | ||||||
27. februar 2003
|
|||||||
| Marita Reite Wiik (t.v.) og Sunniva Jonsen song ein fin «I know him so well». Marita gjekk òg Madonna i næringa med «Dont cry for me, Argentina». | |||||||
Stordalshallen var sjølvsagt nærast fullstappa under underhaldninga som innleidde årsfesten, og det kan ikkje ha vore mange som ikkje lo godt minst ein gong i løpet av framsyninga. Røbbane Rundfunk starta med barne-TV, der fire «barnehagejenter» fekk sagt litt av kvart om livet og arbeidsløysa i Stordal, men mest og best om Perry Hjellegjerde. Godt er det at humor er unnateke injurielovgivinga, men poenga kan knappast gjentakast på prent om avisa skal unngå saksøking til evig tid. At Perry Hjellegjerde er god materie for humor, er det i alle fall ikkje tvil om han dukka opp ved fleire høve gjennom «sendinga».
Lokal humorEin smule sjølvironi hadde festarrangørane: I veka har det vore vanleg at ungdomen nyttar Stordalshallen til idrett og andre sunne syslar, medan dei vaksne ved ymse høve har nytta hallen til skjenkjestove i helgene. Men no har kommunestyret vedteke å slå det heile i hop, med skjenking og ungdomsdans på same tid, poengterte «Laurdagsgjengen». Fengjande trommerAv dei kulturelle innslaga, var det trommegutane som var det overraskande og spanande. Dei tromma vilt og vakkert, og samspelet med orkesteret var vel nærast perfekt. Skikkeleg lyftande og suggererande. Berre synd det varte så altfor kort, men ein får tru og vone at gutane stiller opp og trommar vidare ved fleire høve. Prisa VebjørnMidtvegs i «sendinga» var det prisutdeling: Først var det Johan Arnt Overøye som delte ut pris frå Stordal Alpinsenter: 2000 kroner og gratis årskort. Ein slik pris har ikkje vorte delt ut tidlegare, og kom i stand eine og åleine etter ein stor lokal idrettsprestasjon: Gullmedaljen til Vebjørn Løfoll i super-G i noregsmeisterskapen for juniorar. |
|||||||