Diskuterte neste trekk |
|||||||
![]() |
Utan å ha så stor erfaring i sjakkspel måtte representantane i Norddal kommunestyre måndag gjere vurderingar om kva brikker som skulle flyttast først for å få til ei god opning i det som etter kvart utviklar seg til å bli spelet om Murigrandane. |
||||||
27. februar 2003
|
|||||||
| Signe Brenna på talarstolen. (Foto: Ingrun Myklebust) | |||||||
| Det var Fridjon Døving (Sp) som drog parallelen til sjakkbrettet etter som debatten om aktuelle investeringar på Murigrandane skreid fram. Målet ordføraren sette for politikarane måndag var å gi administrasjonen nok innspel til å kome med eit forslag til vedtak på kommunestyremøtet som skal vere 20. mars. - Vi har ikkje pengar til dette! Vi har brukt dei opp, ofte mot mi stemme, sa ein oppbrakt Martin Nystad (SV) som sluttreplikk på talarstolen måndag. Kommunestyret hadde diskutert korleis ein skulle leggje til rette for investorar på Murigrandane, på same tid som ein fann ei løysing for FDV, uteseksjonen i kommunen. InvestoraneNøkkelpersonar for dei ulike prosjekta som planlegg etablering på Murigrandane var inviterte til å informere om desse. Ragnar Lødøen representerte både det planlagde spahotellet og helsehuset. For hotellet vil investoren framleis ikkje stå fram offentleg, men investoren for helsehuset er Karlsson Eiendom i Måløy. Firmaet kan vere interessert i å huse både næringshage og bibliotek i tillegg til helsedelen, opplyste Lødøen. På kapitaljaktRepresentantane var einige i at det må leggjast til rette for helsebygg i samband med Muritunet, for spahotell og næringshage. Sidan spahotellet er planlagt bygt ved elva der Hove-bygget står, må dette flyttast. Flyttinga til Djupøyna er kalkulert til i underkant av 8 millionar kroner, inkludert tilrettelegging og gjenoppbygging der. Petter Melchior (Sp) trudde at desse kostnadene fort vil kome opp i 10 millionar kroner, og tek ein med dei naudsynte løyvingane til Galerie Tafjord, kan behovet for investeringskapital ende på til saman 15 millionar kroner, pengar den gjeldstynga kommunen ikkje har. Melchior stilte spørsmålet om ein no var villig til å opne kista og bruke elverk-aksjar eller Tafjord Kraft-aksjar. |
|||||||