Sesongstart i fjordsenteret:
Allsidig kunstnar først ut |
|||||||
![]() |
|||||||
| Bygdefolket i Geiranger møtte sin lokale kunstnar Jarle Møll med blomster og helsingar laurdag. Det vart markering både av kunstnaren si utstilling i fjordsenteret, og 70-års dagen hans. | |||||||
6. mars 2003
|
|||||||
| I maleria sine brukar geirangerkunstnaren fleire teknikkar, og er innom både kritt, olje og akvarell. | |||||||
| Jarle Møll hadde late seg overtale av leiaren for Norsk Fjordsenter til å vere den første utstillaren av kunst i senteret dette året. Vanlegvis er det langt mellom utstillingane til den beskjedne Geiranger-kunstnaren. Han jobbar på heiltid med alle teknikkane han beherskar, og sel det meste av kunsten frå heimen sin på «Bakketun» i turistbygda. Kunstnaren har bakgrunn frå kunst- og handverksskulen og frå kunststudiar i Italia. På akademiet i Ravenna fekk han innføring i glasmosaikk, og dette er den teknikken han er mest oppteken av for tida. Men kunsten hans spreier seg over mange teknikkar. Som 13-åring byrja han med oljemaling, og to av desse måleria kan besøkande sjå på utstillinga i fjordsenteret. Ei utstilling som elles femner over eit sterkt fargespekter og mange teknikkar. Inspirasjonen kjem berre dettande, seier Jarle Møll. Prosessen med bileta varierer, somme brukar han lang tid på, andre går veldig fort. Han er ikkje fastlåst i teknikkar og likar og variere og bruke mange fargar. Det var godt besøk på utstillinga som tok til laurdag. Dei fleste av bileta var utlånte frå folk i bygda, og alle som vil ta kunsten i augesyn har høve til dette heilt fram til 30. april. Då er det duka for ein ny, norsk utstillar, opplyser Finn Helge Nustad ved fjordsenteret. |
|||||||