Direktevalet heng i ein tråd |
|||||||
![]() |
Dei politiske partia i Norddal arbeider med listene tilkommunestyre- og fylkestingsvalet i haust. For somme går denne prosessen utan problem, andre slit med å kunne stille liste i det heile. Venstre tek initiativ til ei tverrpolitisk liste. Det er usikkert om det vert meir enn ein ordførarkandidat. |
||||||
6. mars 2003
|
|||||||
| Førebels er det ikkje mange som er interesserte i ordførarkjedet i Norddal. (Foto: Alfred Nilsen) | |||||||
| Rådmann Kjell-Roar Henriksen opplyser at det ikkje kan haldast direkteval på ordførar I Norddal med berre ein kandidat. Blir dette tilfelle, må kommunestyret velje ordørar etter dei gamle reglane. Stemninga i fleire av partia er avventande. Somme har høyrt snakk om bygdelister og tverrpolitiske lister, men få veit noko sikkert. Senterpartiet er dei som har kome lengst i prosessen, dei har Arne Sandnes som ordførarkandidat, og medlemmane har fått listeforslaget ut til høyring. Folk med bakgrunn i Venstre annonserer i dagens avis med tanke på å få til ei tverrpolitisk liste for heile Norddal. Arbeidarpartiet har som mål å stille med ordførarkandidat, men skal også ta stilling til den tverrpolitiske rørsla på årsmøtet i dag. 31. mars må partia ha listene til valet klare. ArbeiderpartietFormann i Norddal Arbeidarparti, Kjell Arne Valdal, seier partiet ikkje har problem med å få til liste til haustens val. Ap skal ha årsmøte i kveld, og ei av sakene vert korleis dei skal stille seg til førespurnader om å vere med i ei tverrpolitisk liste. Valdal seier at for sin eigen del er ei bygdeliste heilt uaktuelt, det vil vere å setje partiet eit stort steg tilbake. Senterpartiet- Vi har fått til liste som vi har sendt ut til medlemmane og som dei skal få seie sitt til, opplyser leiar for valnemnda i Sp, Per Magnus Berdal. Noverande ordførar Arne Sandnes er valnemnda sin kandidat til direkte val på ordførar, og han har sagt ja til å stille på lista. Partiet si liste vert endeleg vedteken etter nominasjonsmøtet 17. mars, då først vil det endelege forslaget ligge føre. VenstreTalskvinne for Venstre, Unn Linge Valdal, seier at det ikkje blir noko rein venstreliste til dette valet. Partiet har hatt to opne møte i det siste, med lita oppslutning. Linge Valdal seier situasjonen er den same for mange småparti i fleire kommunar. HøgreKarl Jostein Rødset har vore Høgre sin representant i kommunestyret siste perioden. Han stiller truleg ein periode til, men er ikkje endeleg bestemt. Han seier tvilen har med samansetjinga av kommunestyret å gjere. Overvekta som Sp og KrF har om dei står samla, gjer at det er vanskeleg for dei andre partia å få fleirtal i saker. Sosialistisk VenstrepartiSV stiller liste også til neste val, og leiar Martin Nystad seier at sjølv om dei har nok folk, er det framleis ledige plassar til gode kandidatar. Han seier partigruppa synest det er bruk for SV, og dei er oppmuntra av høge meiningsmålingar sentralt. FramstegspartietLeiar i Frp, Idar Rønneberg, seier partiet er klar med ei liste. I år står han sjølv øverst på lista, Eva Kaldhusseter som toppa lista ved forrige val, er flytta. Magne Almstad som er partiet sin representant i kommunestyret, står på lista også i år. Kristeleg FolkepartiLeiar i valnemnda, Gunvor Sirevåg, seier at partiet håper å få til ei eiga liste. Oddfrid Tafjord har nyleg gitt beskjed om at ho kan stille, og då trur Sirevåg at sjansane for eiga liste er til stades. Valnemnda har enno ikkje teke stilling til om partiet skal stille med ordførarkandidat. |
|||||||