Heile formannskapet trekkjer seg i Stordal

Den eine etter den andre av dei politiske frontfigurane i Stordal, trekkjer seg frå lokalpolitikken, og det er no klart at heile formannskapet vert skifta ut. Men ikkje berre politikarane trekkjer seg: Det vert òg færre og færre parti å velje mellom. I verste fall vert det berre fire parti å velje mellom i Stordal ved valet til hausten.
6. mars 2003
Kenneth Strømsøy
Nina Helland Johansen er Stordal Arbeidarparti sin ordførarkandidat. (Arkivfoto)
Den første som trekte seg frå lokalpolitikken var ordførar Olav Bratland, for å vie seg til fylkespolitikken og mogleg verv som fylkesordførar. Men no er det òg klart at minst tre høgrerepresentantar til trekkjer seg, saman med varaordførar Eva Hove frå Arbeidarpartiet, Kjersti Ruset Hjelle frå Senterpartiet og begge kommunestyrerepresentantane til Kristeleg Folkeparti.
Manne- og kvinnefallet i stordalspolitikken fører til at heile formannskapet vert skifta ut. Det nye formannskapet skal dessutan utvidast frå fem til sju medlemer og vil få mykje meir arbeid enn det noverande: Hovudutvala skal leggjast ned, og oppgåvene til hovudutvala for helse og sosial, teknisk og oppvekst og kultur skal i staden gjerast av formannskapet. Dette vart vedteke av kommunestyret før jul.

* Det vert store skifte i høgregruppa, og den nye leiaren i Stordal Høgre, Stig Falling, vil enno ikkje seie noko om kven som ligg an til å verte ordførarkandidaten til partiet. Men det er klart at Leif Rune Vinje, som mange har sett på som den mest aktuelle kandidaten, ikkje vil stille, korkje som ordførarkandidat eller elles på lista. I tillegg er det klart at Kristen Leganger og Inger Lianes trekkjer seg, attåt ordføraren.

* Eva Hove seier det er vanskeleg å kombinere ein leiarjobb med å vere så aktiv i politikken som ho har vore. Både arbeidet som rektor og verva som politikar krev full innsats. Når ho no har valt å halde fram som rektor, vert det ikkje nok tid til å halde fram som aktiv lokalpolitikar. Eva Hove har vore aktiv i lokalpolitikken i 20 år. Først sat ho fire år i bygningsrådet, og no har ho site 16 år i kommunestyret.
Nina Helland Johnsen har takka ja til å stille som ny listetopp og ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

* Kjersti Ruset Hjelle har òg for lita tid til å sitje i kommune-
styret, og det er ikkje alltid nok energi til å lese sakspapir når ungane er i seng. Ho vil derfor prioritere heimebana framover, etter fire år i kommunestyre og formannskap, og åtte år som vara til kommunestyret før det igjen.

* Begge kommunestyrerepresentantane til Kristeleg Folkeparti, Jarle Moe Tafjord og Ole Aasen, trekkjer seg frå politikken. Ole Aasen seier korkje partiet eller kommunestyret er tent med at plassane vert fylte av pensjonistar. – Eg manglar gløden. Når eg kjem inn på eit møte, kjennest det som løpet allereie er lagt. Vi må ha folk som har tru på at kommunepolitikarane kan utrette noko, seier Ole Aasen. Han var eigentleg varakandidat, men har møtt i kommunestyret dei to siste åra.
Leiaren i Kristeleg Folkeparti i Stordal, Olaus Overøye, fortel at valkomiteen framleis slit med å finne nokon som er villige til å stå på dei øvste plassane på lista. Viss ikkje valkomiteen finn eit par kandidatar i løpet av dei førstkomande vekene, vert det ikkje KrF-liste i Stordal.

* Jonas Falch er ikkje lei kommunepolitikken, og er villig til å sitje fire nye år for Fremskrittspartiet i Stordal.

* Venstrelaget i Stordal vart lagt ned i år 2000, og det finst ikkje planar om å få laget på beina. Den siste leiaren, Bjørg Moltu, seier politikken tar for mykje tid når ungane veks til. Dessutan arbeidde ho eit par kveldar i veka, og då var det ekstra vanskeleg med kveldsmøte. Etter åtte år i kommunestyret, og fire av dei i formannskapet, hadde ho lyst å bruke tida på noko anna. Ho er ikkje freista til å ta opp att politikken.Den eine etter den andre av dei politiske frontfigurane i Stordal, trekkjer seg frå lokalpolitikken, og det er no klart at heile formannskapet vert skifta ut. Men ikkje berre politikarane trekkjer seg: Det vert òg færre og færre parti å velje mellom. I verste fall vert det berre fire parti å velje mellom i Stordal ved valet til hausten.