Onsdagspraten
Slutt på arbeidet |
|||||||
![]() |
Andreas Relling bur på omsorgsbustaden i Nordal for tida. 80-åringen har eit langt og variert arbeidliv å sjå tilbake på. | ||||||
12. mars 2003
|
|||||||
| Andreas Relling ser på den milde vinteren frå plassen sin utanfor omsorgsbustaden i Norddal. | |||||||
| Han flytta frå Dale til omsorgsbustaden fordi gikta hindrar han i å måke snø slik som før. Men hittil har det vore lite snø, smiler Andreas. Han får dagane til å gå, men synest det er trist at han ikkje kan arbeide meir. Han er nesteldst av ni søsken, og har opplevd dei harde 30-åra då ein femøring var ein skatt å få tak i. Allereie som 5-6-åring var han i arbeid med småljåen. Då han var 14 overtalte faren han til å slakte for første gong. Det viste seg at han hadde lag med dette arbeidet, og Andreas Relling har vore ein ettertrakta slaktar sidan, i tillegg til alle andre jobbane han har hatt opp gjennom tida. Dei siste 10 åra har han vore «kårkall» på Ytste Skotet og hatt stor glede av dette. Her fekk han treffe folk som var interesserte i å lære å slå og rake og setje opp hæs med berre naturen sine materialar. Knea vil ikkje lenger bere han ned bakkane frå Skotet, men han har eit lite håp om å kome dit ein gong til, kanskje ved hjelp av helikopter. Han fyl med på nyheitssendingane. - Det er syrgjeleg å sjå korleis folk oppfører seg mot kvarandre, seier han, og tenker på faren for krig mot Irak. Krig er ikkje vegen å gå, meiner Andreas, og ser at folk ikkje har lært av den siste verdskrigen. - I dag burde ein forstå at det må gjerast på ein annan måte, seier Andreas. |
|||||||