Kan verte tverrpolitisk liste i Norddal

Det var ikkje så mange som møtte fram for å finne ut om det er bruk for ei tverrpolitisk liste i Norddal kommune. Men sjølv om det ikkje vart så mange som møtte fram, vert det no arbeidd med å få i stand ei politisk plattform for ei slik liste.
12. mars 2003
Kenneth Strømsøy
Olav Løvoll, Mette Nattland Valdal, Gudmund Relling, Unn Linge Valdal og Signe Brenna var tilsades.
Det var kjernen i venstrelaget som hadde kalla inn til møte for å finne ut om det er grunnlag for ei tverrpolitisk liste. Grunna manglande oppslutnad og entusiasme vil ikkje Venstre stille eiga liste ved kommunevalet i år. Vona er derfor å slå seg i hop med andre småparti og med folk som ikkje soknar til noko parti.
Unn Linge Valdal innleidde møtet med å leggje vekt på at ei tverrpolitisk liste må vere for heile Norddal kommune. Det må ikkje verte noka bygdeliste, men femne om alle bygdene. Dette standpunktet vart støtta av alle som var til stades.
I all hovudsak var det òg semje om at ei slik liste må ha ei sams retning, og at dei som står på lista må vere einige om ei overordna retning på politikken. Ein bør òg vere einig i ein del store og prinsipielle saker, og veljarane må kunne stole på at dei som vert valde inn frå lista ikkje endrar meining over natta. Det var likevel ingen som ønskte seg noko form for partipisk.
Det var fleire som var særs skeptiske til den sentrale venstrepolitikken, ikkje berre den partilause Audun Skjervøy eller senterpartisten Olav Løvoll, men òg venstrefolka sjølve. Ikkje minst Gudmund Relling var lite nøgd med utviklinga til Venstre. Han er ikkje utmeld, men har ikkje betalt kontingent på mange år, og ville vore uaktuell på ei rein venstreliste, fortalde han. Han var heller ikkje sikker på om han var aktuell på ei tverrpolitisk liste; det kjem an på kva for folk som vert med.
Generelt vart det snakka ein del om «kaoset» i politikken i Norddal. Fleire var opptekne av å få eit skarpare skilje mellom politikk og administrasjon, og mellom politikk og næringsliv. Ikkje minst var det stor frustrasjon over alt som skjer i lukka rom, som til dømes møtet om «dei store prosjekta» mellom framståande politikarar og næringslivsfolk.
Til sist vart det semje om at ei lita gruppe (dei som var til stades) skulle freiste å finne fram til ei mogleg felles plattform. Deretter vil det bli halde eit møte for å finne ut om det er tilstrekkeleg oppslutnad om denne plattforma, om ho må endrast, eller om forsøket på å stille ei tverrpolitisk liste må gravleggjast.

Sit på gjerdet

Svein Linge stiller ikkje som ordførarkandidat for Arbeiderpartiet, seier han til Storfjordnytt. Det gjer heller ikkje Kjell Arne Valdal, som er attvald som leiar i styret for partiet.
12. mars 2003
Ingrun Myklebust
Svein Linge seier han sit litt på gjerdet og ventar, og vil ikkje ut med om han stiller for ei fleirpolitisk liste. Men situasjonen i kommunestyret er han lei av, der Sp og KrF til saman har fleirtalet.
- Det har vore fire frustrerande år. Gjelda er dobla og ostehøvelen har styrt, seier Linge. Han ser det som nyttelaust å halde fram, og kan like godt tenkje seg å bruke krefter på skogsdrift. Han vil derfor ikkje stille som ordførarkandidat for Arbeiderpartiet og vil heller ikkje stadfeste om han står på liste for partiet. Svein Linge seier det ikkje er noko vondt blod frå hans side, som ein kommentar til dette standpunktet.
Arbeiderpartiet hadde nominasjonsmøte onsdag og bestemte at partiet skal stille eiga liste ved valet til hausten. Ordførarkandidatane er enno ikkje klare, men nyvald leiar, Kjell Arne Valdal, seier partiet framleis har som mål å stille med ordførarkandidat. Enno har det ikkje kome klare svar frå dei som har blitt spurde. I går kveld hadde valnemnda nytt møte.
Styret i partiet ser om lag ut som før, der Valdal og Hall-
vard Tafjord stiller som leiar og nestleiar. Wenche Silden, Frank Iversen og Mariann Gundersen Døving held også fram. Nye i styret er Bjarne Johansen og Per Anton Kilsti.
Programmet for partiet vil likne på det som har vore før, opplyser Valdal, og seier at ein nettopp har vore gjennom skulane og ikkje har tenkt å ta opp att denne saka i full breidde.
- Vi vil sjå på økonomien. Vi går ikkje med på å prioritere vekk alders- og sjukeheim, seier han.
Kjell Arne Valdal understrekar også at dei som jobbar for Arbeiderpartiet ikkje gjer det for å tilfredsstille eigne behov om posisjonar, men at dei er der for fellesskapet og for å få til noko for folk.

Nytt frå norddalslistene

Nina Grøndahl toppar SV-lista
Nina Grøndahl er nominert øvst på lista til Sosialistisk Venstreparti. På nominasjonsmøtet vert det truleg klart om SV stiller med ordførarkandidat, og kva saker partiet vil prioritere i valkampen.

Sp femner dei fleste
Lista til Senterpartiet får folk frå alle bygdene, men førebels er det litt få frå Tafjord, seier Per Magnus Berdal, som er leiar i nominasjonskomiteen. Kring helvta av dei som stod på den førre lista vert med vidare, og kring helvta av listekandidatane er medlemmer i partiet.

Få kvinner i Høgre
Høgreleiar Karl Jostein Rødset har framleis von om å stille liste. Men det ligg an til å verte få frå sørsida, og det vert få kvinner. I fjor var det berre fire kvinner på Høgre-lista. I fall det likevel ikkje lukkast å stille Høgre-liste, er det ikkje uaktuelt for han å vere med på ei tverrpolitisk liste som femner alle bygdene. Rødset seier det heller ikkje er uaktuelt å stille som ordførarkandidat, men då må nominasjonsmøtet/årsmøtet i Høgre gå samla inn for dette.

Frp med bygdeomsyn
Fremskrittspartiet i Norddal er heilt ferdig med nominasjonen. Idar Rønneberg frå Eidsdal står øvst på lista. Han vert følgd av Emil Kaldhussæter frå Tafjord og Magne Almstad frå Fjørå.

Nytt frå stordalslistene

Nina Helland Johansen er ordførarkandidat
Nominasjonsmøtet i Arbeidarpartiet i Stordal følgde innstillinga frå nominasjonskomiteen og valde Nina Helland Johansen til å stå øvst på lista og vere ordførarkandidat. Nummer to på lista vart Asgeir Hovde, medan resten av lista vart sett opp alfabetisk. Dermed vert det opp til veljarane å nytte kumuleringer for å velje mellom desse.

Høgre ventar på svar
Det er framleis ikkje avklara kven som hamnar øvst på lista til Stordal Høgre. Charles Tøsse er ønska av nominasjonskomiteen,men har framleis ikkje gjeve noko svar. Tøsse seier han reknar med å ta ei avgjerd i løpet av den komande veka.

Mest truleg Sp-liste
Det vert mest truleg Senterparti-liste i Stordal, seier Torbjørn Hove i valkomiteen. Det er ikkje klart kven som vert nominert på førsteplass, men Lars Kristian Øvrebust er den einaste av dei tre i kommunestyret som tek attval. Begge dei to kvinnene, Kjersti Hjelle og Marie Flåen trekkjer seg. Torbjørn Hove seier dei har bra med namn, og har lukkast å ta omsyn til både kjønn, geografi, yrke og alder.