Kjærleiken, døden og livet |
||||||||
![]() |
Langt der inne i sinnet, vet jeg at du drømmer om meg, og langt der inne, innerst inne, vet jeg at du elsker meg. | |||||||
12. mars 2003
|
||||||||
| - Det beste med å skrive er å få ut kjenslene, dei triste, slik at ein slepp å bere på så mykje. |
||||||||
| Kjærleiksdiktet er skrive av Anne Stine Skoge (10) og utgjer berre ein liten del av repertoaret til den unge diktaren. Dikta er nedskrivne på ruta, blankt eller linjert papir, alt etter kva som er for hand når den rare kjensla kjem som gjer at ho berre må skrive. - Eg ventar på denne kjensla. Ein gong prøvde eg å skrive utan at ho var der, då blei det ikkje så veldig fint, det vart ikkje skikkeleg rim og rytme og tonen blei feil, forklarer Anne Stine. Interessa kom alt for fleire år sidan: - Eg skreiv nokre dikt då eg var 7 år, men dei er ikkje fine. Eg skreiv alltid at ting blei bra på slutten då, seier ho. Slik er det ikkje no. Fjørå-jenta er ikkje redd for å ta opp djupe tema, som i LIVET GÅR OG GÅRLivet går og går I diktet «Det er ikke lenge til jeg skal dø» skildrar forfattaren overgangen mellom liv og død. Ho har allereie opplevd at fleire familiemedlemmar har døydd, og dette har prega delar av dikta. KOM Å BLI MED MEGKom å bli med meg til rike Eit av dei nyaste dikta er «Se om du klarer det». Dette vart laga for vel ei veke sidan, og når ho skreiv dette, tenkte ho på korleis folk klarer livet. SE OM DU KLARERSe om du klarer å nå målet. Jenta med alle orda driv også med svært mykje anna enn å skrive. Kvar dag leiker ho med bestevenninna Yvonne som bur like nede i bakken. |
||||||||