|
|
På kommunestyremøtet som skal vere i slutten av mars, skal politikarane i Norddal ta stilling til flytting av Hove-bygget på Murigrandane, for å gi plass til det planlagde spahotellet.
Storfjordnytt har spurt representantar for dei politiske partia i kommunen om dei kjem til å gå inn for flytting av bygget utan å ha nokon garanti for at hotellet skal byggjast.
Politikarane fekk også spørsmål om dei ser for seg at legekontor, næringshage og bibliotek kan leggjast til helsehuset, eller om dei bør vere andre stader.
Karl Jostein Rødset, Høgre
- Ja, det er klart at det må liggje ein garanti i botnen før ein gjer vedtak om det. Det vil bli utruleg kostbart å flytte raudebygget og Hove-bygget. Eg er elles kjempepositiv til hotell og helsetun, det vil truleg bety endå meir enn det Muritunet har betydd hittil for samfunnet her. Dei signal vi har fått frå initiativtakar og investor er at alt skal leggjast til rette, men kommunen må vite kva ein har att.
- Eg kjem til å støtte å få flytta helseavdelinga ut i det nye helsetunet, forslag om dette har eg vore med og støtta tidlegare. Vi politikarane har bede nærings-
hagen å uttale seg om kvar det er best for dei å vere. For meg personleg spelar det inga rolle kvar han er, det er viktig kva bedriftene sjølve ynskjer. Med tanke på breibandsambandet ser eg fordelen av at næringshagen skal vere del av elverkbygget. Når det gjeld biblioteket synest eg det er heilt greitt at det er der det er i dag. Eg kunne og tenkt meg å flytte det dit Ica-Spar var.
Mette Natland Valdal, Venstre
- Vi meiner at å bruke så mange millionar på å flytte Hovebygget dersom det ikkje er grunn for å gjere det, går ikkje. Det må vere ein plan med det. Vi vil ikkje bruke pengar vi ikkje har til å gjere noko som kanskje ikkje er nødvendig.
Kvar legekontoret skal ligge blir nok eit diskusjonstema, det er ikkje sikkert vi er einige innad i partiet. Eg meiner vi har brukt mange millionar på å ruste opp helseavdelinga på rådhuset, og at ein kunne leggje helsesenteret her. Med tanke på å behalde helsetenesta, kan det vere fornuftig å lage eit tyngdepunkt. Men det blir lenger for dei som har kome seg til sentrum å dra ut mot Muritunet om senteret skal ligge der. Vi har allereie trygdekontor og legekontor samla på eitt breitt. Dette er ting som heng saman, like godt som optikar og andre tilbod i det planlagde helsetunet.
Oddfrid Tafjord, Kristeleg Folkeparti
Vi er utruleg heldige i Norddal kommune som har investorar som vil skape arbeidsplassar. Det er nærast eit luksusproblem vi har no. Men likevel må ein spørje korleis ein kan forvente at vi kan bruke pengar no. KrF vil ikkje bruke pengar som vi ikkje har, og viss vi må bruke millionar for å flytte teknisk etat, er det klart at vi bør ha ein garanti for at det skjer noko på tomta. Men denne flyttinga lyt skje fort, og eg vonar verkeleg vi kan klare å realisere dette.
Vi har brukt ein heil del pengar på rehabilitering av helsekontoret, men den gong visste vi jo ikkje om noko helsehus, og vi kan då aldri vere heilt sikre på kva morgondagen ber med seg. Eg trur eit helsehus vil verte ein vinnar, men vi må vere sikre på at det er folk som vil inn der. Viss ei flytting av helsekontoret til eit helsehus kan realiserast i form av økonomi, ressursar og personell, synst eg det er i orden. Bibliotek i helsehus er eg litt usikker på, men kan hende lyt ein tenkje nytt.
Magne Almstad, Framstegspartiet
- Dersom eg personleg skal svare, trur eg ikkje eg ville krevd garanti. Eg meiner teknisk etat og miljøstasjonen skulle vore flytta for lenge sidan og at området bør omregulerast. Eg trur også gruppa er einig i dette.
Når det gjeld lokalisering, føler eg at alt blir sett opp mot kvarandre for å få selt Tafjord Kraft-aksjane og få fatt i midlar. Dette er eg imot uansett. Helsehuset ved Muritunet bør innehalde kun helseforetak. Eg har ikkje sans for å blande næringshage med legesenter. Næringshage, bibliotek og elverk vil vere ei like god løysing, og vil truleg lettare få til eit samarbeid.
Petter Melchior, Senterpartiet
Vi har ikkje diskutert nokon garanti. Dette dreier seg like mykje om å gjere eit val om kvar uteseksjonen skal vere. Vi er einige om at Murigrandane skal gjerast om til tenesteområde, og då må Hove-bygget flyttast, uavhengig om det vert noko hotell eller ikkje. Vi veit heller ikkje kva det vil koste i fall vi vel å flytte uteseksjonen til Hove-bygget der det står i dag. Eg har ikkje sett noko tal for kostnaden ved ei slik flytting; det kan fort verte nokre millionar av dét òg.
Det kan vere aktuelt å flytte både legekontoret og biblioteket inn i eit komande helsehus, men vi må òg sjå på kva som skjer på elverkbygget. Kan hende vert det plass til biblioteket der.
Kjell-Arne Valdal, Arbeidarpartiet
Vi har ikkje teke stilling til noko krav, og det er vanskeleg for investorane å gje nokon garanti. Men vi må verte meir sikre på korleis vi vil nytte pengane vi må vite at det er dette vi vil. Det er heller ikkje avklara om vi i det heile teke vil gå inn for å flytte Hove-bygget, og slik eg forstår det har ikkje dette nokon hast: Det er uansett ikkje aktuelt med noko hotell på dei næraste to åra.
Det er ikkje meir enn to år sidan vi gjekk inn for å flytte legekontoret til eit helsetorg i samband med Muritunet. Men dette vart nedstemt, og i staden vart det nytta 3,2 millionar til å ruste opp lege- og helsekontoret i rådhuset. Vi vil tenkje oss godt om før vi går inn for å flytte dette.
Martin Nystad, Sosialistisk Venstreparti
Vi vil ha ein garanti for at tomta faktisk vert nytta før vi går inn for å flytte Hove-bygget. Det er sagt på Sylte at det står interessentar i kø for tomta, men om tomta er så interessant, bør investorane vere villige til å betale ein del av flyttinga sjølve.
Sist det var snakk om å flytte helsekontoret, var eg først for, men eg snudde då eg fekk vite at dei tilsette var mot flytting. Men eg synst ideen om å flytte helsekontoret til eit helsehus er forlokkande. Når det gjeld flytting av biblioteket, trur eg i alle fall lokala som biblioteket er i i dag, kan brukast meir fornuftig. Det finst mykje ledige lokale på Sylte, og både bibliotek og næringshage kan finne mykje billigare lokale enn eit helsehus, der det er snakk om at investorane vil ha 12 prosent avkasting per år. |
|