Fem jenter i korps

(F.v.) Natalie Aasen (klarinett), Hanne Staurset (althorn), Hege Selboskar (klarinett), Martine Vinje Tøsse (tverrfløyte) og Eva Holmelid (kornett) trivst i Stordal skulekorps.
Det er mange jenter i Stordal skulekorps, og Storfjordnytt snakka med fem av dei på 40-årsjubileet til korpset.
19. mars 2003
Kenneth Strømsøy
Eva Holmelid, Martine Vinje Tøsse, Hege Selboskar, Hanne Staurset og Natalie Aasen var alle saman med og feira korpset sitt.

– Kva er det mest morosame med å spele i korps?
– Å spele kjende songar.
– Og kule!
– Songar med fart i!
– Ikkje treige songar. Det er keisamt.
– Skjer det noko gøy i korpset utanom spelinga?
– Ja, vi dreg på turar og stemne.
– Og har øvingshelger med andre korps – det er kjekt!
– Søv de mykje når de har øvingshelger?
[latter, mykje latter]
– Det er mange jenter i korpset, er det ikkje?
– Jo. Det er litt dumt.
– Og litt bra òg!
– Kva er det som er bra med at det er så få gutar, då?
– Dei kan vere litt plagsame.
– Og dei spelar så høgt.
– Og kva er det som er dumt med at det er så få gutar?
– Det vert litt keisamt.

Saksopplysing til slutt: Det er fleire gutar enn det ser ut til i korpset, dei bere forsvinn så lett mellom jentene... Dirigent Jarle Helgesen seier det er ein større del gutar i Stordal Skulekorps enn det som er vanleg i skulekorps i dag: Til saman er det 14 gutar og 30 jenter i korpset, men dei eldste gutane går i sjuande klasse, og då er dei gjerne ikkje så storvokste, og ikkje så lette å få auga på. Mellom aspirantane er helvta gutar.