Reint vatn i Eidsdal

Utallege dugnadstimar har vore lagde ned i Ytterdal Nye Vassverk. Etter eitt års drift med berre små innkøyringsproblem, fungerer det nye reinseanlegget som det skal.
19. mars 2003
Ingrun Myklebust y
Det har aldri vore problem med ureinheit i drikkevatnet som store delar av Eidsdal har fått frå Kilstivatnet. Statlege forskrifter har likevel krevd at det lokale vassverket skal ha reinseanlegg.
Hausten 2000 vart gravearbeidet til reinsestasjon på Kilsti starta opp. Etter ein arbeidsperiode med mykje dugnadsinnsats og ei investering på 850.000 kroner, stod bygget ferdig i januar 2002. I året som har gått sidan, har styret i vassverket fått sett kor mykje det kostar å drive anlegget. Før bygginga starta opp, vart vassavgifta sett opp til 1500 kroner. Leiar i vassverket, Gunnar Helge Lund, trur ein kan rekne med å ha denne prisen nokre år framover, dersom det ikkje kjem store, uføresette utgifter. Ventilar til dei fem reduksjonsbassenga i fjellsida nedanfor reinsestasjonen vil bli overhala så langt det går, men om ein ventil må skiftast ut, kostar det 30.000 kroner å kjøpe ein ny, seier Lund.
Leidningsbrot kan også tære på økonomien om dette oppstår. I haust gjekk det med i underkant av 25.000 kroner for å dekke til att vassleidninga der elva hadde gravd vekk dekkmassa. Røropp-
legget til vassverket er nytt og består av plastrør og kun 600 meter med jernrør.
Huset med renseanlegget i er plassert like ved vassleidninga. Her går vatnet først gjennom ein grovsil som spyler seg sjølv kvar andre time. Deretter går det forbi tre UV-lampar for bestråling. Heile anlegget kan ta seg av 30 liter vatn i sekundet. Vanleg forbruk om vinteren er to til tre liter, og om sommaren ti liter på det meste.
Det er berre tre husstandar nedanfor Veiberg som ikkje er tilknytt Ytterdal Nye Vassverk. 240 fastbuande brukarar nyt godt av vatnet som kjem frå 10 meters djupn i Kilstivatnet. I tillegg kjem ferie- og fritidsbrukarar.
Akkurat no held styret på med å utarbeide internkontrollsystem som krevst for vassverket. Gunnar Helge Lund er glad for at søknaden om godkjenning av verket snart er innsend. Målet har vore å få til dette til årsmøtet som skal vere i april.

Vakt

Vassverket har eit nødaggregat som koplar seg inn om straumen går. I starten var det problem med at spenninga på straumforsyninga sank i periodar, no er dette utbetra ved at det er lagt ut ny kraftlinje frå transformatoren på Kilsti. Fem personar byter på å ha vakt nokre veker i slengen for å overvake anlegget. Om UV-stasjonen sviktar, gir ei alarminnretning beskjed om dette til han som er på vakt ved hjelp av tekstmelding til mobiltelefonen hans.
Det som står att å installere no, er ein alarm som skal fortelje om vassforbruket er unormalt stort, noko som kan indikere lekkasje på leidningsnettet. Det blir også installasjon av ein alarm som skal fortelje når straumen går og naudstraumsaggregatet startar.