Gjerdehald med aukande problem |
||||||||
![]() |
Færre og færre grunneigarar er dyreeigarar. Dette fører til at rettar og plikter i forhold til gjerding gjev aukande problem. | |||||||
26. mars 2003
|
||||||||
| Rundt 80 interesserte møtte fram på Stranda. Frå venstre: Tor Lie, Anne Berit Løset og Magne Reiten. | ||||||||
| Det sa overdommar Magne Reiten under eit møte om gjerdehald på Stranda i førre veke. Alle forsøk på å få til ei ny gjerdelov her til lands har mislykkast. Derfor gjeld framleis gjerdelova frå 1961, der prinsippet er gjerdeplikt etter nytte. Dagens gjerdelov er mest gunnstig for dyreeigarane, men gjerdelova kan fråvikast dersom naboar har spesielle avtalar. Reiten peika på ein del svak- heiter ved gjerdelova. Gjerdeplikta gjeld berre i nabogrenser. Ho er utilstrekkeleg når dyra streifar over store område. Dele- Når vilkåra for gjerdehald er oppfylte, skal kvar av grannane dele gjerdeplikta med ein halvpart kvar. Dersom det er urimeleg, skal gjerdeplikta delast ved skjønn, sa Reiten og la til at rettspraksis har slått fast at det gjeld også utmarksgjerde. StreifbeiteHan tok fram eit eksempel, der ein kubonde la ned eit gjerde fordi han ikkje hadde bruk for det. Det kom sauer inn på hans eigedom og han kravde 500 kroner i skadeerstatning. Sauebonden nekta å godta dette og det vart sak i Frostating lagmannsrett. Eitt av dei avgjerande momenta her var at sauen ikkje hadde beiterett i utmarka, men i nabobygda. I mange år hadde sauene hatt streifbeiterette. Kubonden var pålagt gjerdeplikt i 1874, men sauebonden kunne ikkje påberope seg bestemmelsane i gjerdepliktavtalen og måtte betale erstatning. Ei liknande sak på Frei fekk det motsette utfallet. |
||||||||