Planar for kaffi og bar |
||||||
![]() |
Mange stordalingar saknar ein stad å møtest for å ta ein prat eller ein matbit. Men snart skal saknet stillast: I lokala til Øie Centrum er det planar om pub og kaffibar. Initiativtakarane vonar det vert ein folkepub, med aksjane spreidde over heile kommunen. | |||||
26. mars 2003
|
||||||
| Det er planar for ein pub og kaffibar i lokala til Øie Centrum. | ||||||
Om ein ser etter ein god plass å nyte ein sterk kaffi og prate om vêr eller næringsutvikling, krig eller bleieskift, eller rett og slett om kaffi, finst det neppe lokale i Stordal som er meir eigna enn Øie-lokala overfor handelslaget. Lokala er opne og lyse og ligg i første høgda, så ein kjem seg inn både med barnevogn, rullator og rullestol. Og nett her er det no planar om kafé, pub og kaffibar.
Folkepub Vi er mange som meiner Stordal treng ein stad å møtest for å prate eller for å ta ein matbit eller kaffikopp, seier Vigdis Hove Øie, som saman med Paul Harald og Egil Arne Øie er initiativtakarar til kaffibaren. Søkjer interesserte Det er ingen av oss som har tenkt å drive staden, så vi vil gjerne at dei som kan tenkje seg å drive ein kaffibar, tek kontakt med nokon av oss. Det gjeld anten dei er røynde i yrket eller rett og slett berre har brennande lyst og interesse for eit slikt arbeid, oppmodar Vigdis Hove Øie. |
||||||