Med sjøen som lærebok

Tanglopper og krabbar får vere i ro under steinane sine medan borna frå Eidsdal barnehage drikk kakao og et niste.
26. mars 2003
Ingrun Myklebust
Borna i fjord- og fjøreprosjektet har fått ssjå korleis ein gjer opp sei, og kjent korleis ferske fiskekaker smakar. Dei har lært at når ei sjøstjerne mister ei arm, blir det danna ei ny sjøstjerne. Dei som var med til fjøra denne dagen var: Emilie, Mariell, Helena, Karl Oskar, Amanda, Emma, Sivert og Edvard.
Det ulmar litt i eit bål som aldri tok skikkeleg fyr. Barnehagestyrar Kjellaug ga til slutt opp å få fyr på den våte veden, no varmar dei seg i staden på kakaoen og på sola.
Det er ikkje tilfeldig at barnehagen er på tur ned i fjøra ved ferjekaia.
I prosjektet dei har om fjord og fjøre skal både det som er oppå vatnet og det som lever i vatnet utforskast. Borna har laga ein sang om fiskar på tonen til Bæ, bæ lille lam. På denne måten har dei lært mange fiskenamn.
- Det ser av og til ikkje ut som dei får med seg noko, men det er utruleg kva dei har lært, seier Kjellaug Valdal. Ho og Margaret Orvik Eide fortel om akvariet som borna har laga. Dei vaksne har kopiert opp fiskar og dyr, borna har farga og klipt dei ut. I botnen har det blir lagt skjell, og over er det lys. Det har vorte eit fint akvarium som lyser opp i barnehagen.
Høgdepunktet på fjordprosjektet blir når alle ungane skal på besøk til
Atlanterhavsparken i mai. Der blir det fjøresafari og dei skal få vere med på foring av fiskane inne.