Kultur og kos

Det var eit rikhaldig program dei kunne by på i Stordal bedehus søndag kveld.
02. april 2003
Randi Flø
Stordalskvintetten er dei same karane som arrangerte kulturkvelden søndag.
Stordal Blå Kors arrangerte, og programleiar var Roger Lillebø. Mennene som står bak Blå Kors-gruppa i Stordal er dei same som utgjer Stordalskvintetten, fire menn som syng og ein på piano. Dei opna kulturkvelden med ein song.
Sidan var det unge Kristina Stavseng som stø og sikker framførte to stykke av Bach på fiolinen sin til akkompagnement på piano av Ragnhild Fauske.

110 år attende

Oddgeir Bruaset skrudde klokka 110 år attende då han fekk ordet framfor ein fullsett bedehussal. Han skildra ein sommardag i Oppistova i Gomsdalen i Geirangerfjorden. Mora døydde frå seks ungar, berre tre år etter døydde faren også. Yngstejenta var berre seks år gammal, saman med seg hadde ungane den 82 år gamle bestemora Kristiane.
Lensmannen kom og ville selje garde på auksjon fordi det vart herrelaust gods, men då greip verja til odelsguten inn. Dei tre yngste vart sende vekk til kvar sin kant. Bruaset fortalde korleis det gjekk med desse ungane som kom til verda i Gomsdalen.

Jordmora

Bruaset tok også med forteljinga om jordmora Jensine Grønningsæter. Det var i 1877, og Torine Muldal i Muldal skulle føde. Jensine la i veg på ski frå Eidsdal, over Storås til Dalsbygda, vidare mot Herdalsvatnet, austover mot Kallsskardet, der ho rende ned fjellsida mot Tafjord, over Skjegghammaren til Muldal. Etter desse tre mila på ski var ho klar for ein fødsel, der ho berga både mora og barnet.
- Det er mange Jensiner, sa Bruaset.
Han viste bilde frå vegar opp til mange av fjordgardane, og sa at aller verst er vegen opp til Djupdalen. Dei som budde der, måtte ta seg ned til fjorden i god tid før dei skulle døy.
Til slutt viste han eit portrett av Anna Matvik, som han hadde intervjua. Varme, viljetyrke og samhald i sorg og glede var stikkord for kvalitetar han har funne om folk som budde på fjordgardane.
Etter Bruaset var det Marianne Ravn Stavseng sin tur. Med si flotte stemme framførte ho «Jeg lagde meg så silde» og «Den dag kjem aldri».

Blå kors

Roger Lillebø ga ein kort presentasjon av Blå Kors, ein organisasjon som driv med rusomsorg, med rundt 30 institusjonar og meir enn 650 heiltidstilsette over heile landet. Dei arbeider for å fremje ein rusfri livsstil gjennom opplysning og utvikling av rusfrie miljø. Etter opplysningar frå Barneombodet kunne han fortelje at kvart femte barn i Norge kjem frå heimar med rusproblem. I rundt 20 prosent av alle sjukehussenger ligg det pasientar med rusrelaterte sjukdommar eller skadar.
Før matpausen var det allsong. Den trivelege stunda vart avslutta med Stordalskvartetten.