Tankar om politikk |
||||||
![]() |
Innimellom arbeidet mellom agurkplantane får han tid til å gjere seg opp ei meining om mange ting, Tore Berdal i Valldal. | |||||
02. april 2003
|
||||||
| Tore Berdal reagerer på norsk rikspolitikk. | ||||||
| Det som ligg han nærast er straumprisar og måten Norge handterer ressursane sine på. Tore Berdal har lita forståing for at Norge, som er eit rikt land med god tilgang på energi og meir vassdrag som kan utbyggast, står i fare for ikkje å kunne levere nok straum til næringslivet i landet.
Og kva med ein næringsminister som gir støtte til bedriftseigarar som flaggar ut? Resultatet av dette vert at staten må betale arbeidsløysetrygd for mange utan arbeid. - Staten skulle heller gjere det lettare for bedrifter ved å ta vekk ein del av avgiftene som vert pålagde dei som skal ha folk i arbeid, seier han. Tore Berdal trur folk kunne vore villige til å gå ned i løn, for nesten alle har det dei treng materielt sett og vel så det. - Sjå berre om ein skal kjøpe presang til nokon som fyller år. Det er nesten umuleg å finne noko å kjøpe, for folk har alt dei treng, seier han oppgitt. |
||||||