Fem ordførarkandidatar - åtte lister |
||||||||
![]() |
Ikkje mindre enn fem kandidatar har meldt seg for å tevle om ordførarkjedet i Norddal. Arne Sandnes får mellom anna konkurranse frå førstekandidatane til begge dei to listene som ikkje er tilknytt noko politisk parti. Ved kommunevalet vert det åtte lister å velje mellom. | |||||||
| Her kan du sjå listene | ||||||||
02. april 2003
|
||||||||
| Dei fem ordførarkandidatane til ordførarvervet er frå venstre: Britt Ingunn Maurstad, Svein Linge, Arne Sandnes, Signe Brenna og Oddfrid Tafjord. | ||||||||
| Det går mot eitt av dei mest spanande vala i Norddal nokon sinne. Det er andre gong det vert halde direkte ordførarval. For fire år sidan stilte Arne Sandnes frå Senterpartiet, Gudmund Relling frå Venstre og Svein Linge frå Arbeidarpartiet. Sandnes fekk den gong meir enn helvta av stemmene. I år såg det lenge ut til at ordførarvalet kom til å verte avlyst. Den einaste kjende kandidatane var Arne Sandnes, og ein kan ikkje halde direkte ordførarval med berre ein kandidat. Men på måndag sprakk ballongen, og den første offisielle utfordraren vart Svein Linge, denne gong som representant for Aksjonslista for Norddal. Utover dagen vart det òg kjent at Signe Brenna ville stille som ordførarkandidat for den tverrpolitiske Norddalslista, Britt Ingunn Maurstad ville stille for Høgre, og Oddfrid Tafjord ville stille for Kristeleg folkeparti. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet stiller ikkje med ordførarkandidat, men stiller liste ved kommunevalet. Dermed vert det tre kvinner og to menn å velje mellom ved ordførarvalet. Storfjordnytt gjev her ein kort presentasjon av kandidatane: Arne SandnesArne Sandnes representerer Senterpartiet, og har vore ordførar i ti år. Ved ordførarvalet for fire år sidan, fekk han 530 stemmer, meir enn helvta av stemmene. Mange gjev han ros for framtidstru og store visjonar, medan andre hevdar det har vore for mykje løyndommar og lukka dører i dei åra han har site på toppen av norddalspyramiden. Signe BrennaSigne Brenna har site i kommunestyret sidan ho tok over plassen til Gudmund Relling for halvtanna år sidan. Men ho har hatt vanskar med å identifisere seg med politikken partiet har stått for sentralt. Ho står no på tredjeplass på den tverrpolitiske Norddalslista. Først på måndag bestemte ho seg for å seie ja til å stille som ordførarkandidat for lista: Svein LingeSvein Linge har site i kommunestyret i elleve og eit halvt år for Arbeidarpartiet. I den siste perioden har han mellom anna markert seg sterkt for nedlegging av grendaskular, og no har han meldt seg ut av Arbeidarpartiet og starta Aksjonslista for Norddal, der han har fått førsteplass. Linge seier noko av det viktigaste for dei som står på lista, er at dei er villige til å om- Oddfrid TafjordOddfrid Tafjord er varaordførar for Kristeleg Folkeparti. Når ho no har sagt ja til å stille som ordførarkandidat, seier ho det er det er fordi ho har tru på politikken til KrF: Britt Ingunn MaurstadBritt Ingunn Maurstad har ikkje noko rulleblad i norddalspolitikken. Ho vart nyleg vald til ny leiar i Norddal Høgre, og står på andreplass på lista til partiet. Nominasjonen er overNominasjonen av kandidatar til listene ved kommunevalet er endeleg over. Storfjordnytt oppsummerer: Norddal kommuneHallvar Tafjord kjem attende i politikken i Norddal, og vart vald som førstekandidat for Arbeidarpartiet. Men korkje han eller andre i partiet var villige til å stille som kandidat ved ordførarvalet. Andre kumulerte på lista er Mariann Gundersen Døving, Frank Iversen og Paul Fredriksen. Høgre har nominert Karl Jostein Rødset på topp, følgd av ordførarkandidat Britt Ingunn Maurset, Audun Walle og Oddbjørn Lianes. Dei fire er kumulerte. I dag sit Rødset som einsleg representant for Høgre i kommunestyret, men har god von om selskap etter valet. Sju av elleve er menn. Den tverrpolitiske lista vart heitande Norddalslista, og Mette Natland Valdal står øvst, følgd av Oddmund Ødegård, ordførarkandidat Signe Brenna og Audun Skjervøy. Ingen er førehandskumulerte, og dermed vert det den eller dei som får flest kumuleringar og ekstraoppføringar på andre lister som vil representere lista om dei får plass i kommunestyret. Ni av fjorten kandidatar er kvinner. Kristeleg Folkeparti har ordførarkandidat Oddfrid Tafjord på topp, følgd av Per Arne Løvoll, Marit Øvrevoll og Jan Olav Hesthaug, som alle er kumulerte. Seks av dei ni på lista er kvinner. Lista som Storfjordnytt tidlegare har kalla «anna liste», har fått namnet Aksjonslista for Norddal, og har Svein Linge på førsteplass. På kumulerte plassar følgjer Anett Helen Steinnes og Per Jomar Nerli. 12 av 22 kandidatar er menn. Sosialistisk Venstreparti har Nina Grøndahl øvst på lista, og vert følgd av Martin Nystad og Inger Johanne Ruset. Desse tre er kumulerte. Av tretten på lista, er det sju kvinner. Senterpartiet fann ikkje på noko overraskande på toppen av lista, der Arne Sandnes har fått førsteplassen og stiller opp som ordførarkandidat. Tre andre er kumulerte på lista: Solveig Linge Stakkestad, Petter Melchior og Merethe Løvoll Rønneberg. Elleve av nitten er kvinner. Idar Rønneberg er øvst på lista til Fremskrittspartiet. Emil Kaldhussæter har fått andreplassen på lista, medan Magne Almstad, som har representert Frp i kommunestyret dei siste fire åra, følgjer deretter. Sølvi Tafjord er òg kumulert. Sju av ti på lista er menn Venstre klarte ikkje å stille liste i år. I staden tok nokre av venstrefolka initiativ til det som vart Norddalslista, og her finst nokre av dei mest profilerte venstrepolitikarane i kommunen, saman med uavhengige. Stordal kommuneI Stordal er det ikkje direkte ordførarval, men valet kan likevel verte spanande. Spørsmålet er om Høgre vert like dominerande som partiet har vore i denne perioden, med ni av nitten representantar. Den nye ordførarkandidaten, Charles Tøsse, møter sterk motstand i Nina Helland Johansen frå Arbeidarpartiet og «gamleordføraren» Ingrid Løset frå Senterpartiet. Arbeidarpartiet har lansert Nina Helland Johansen som første- og ordførarkandidat, etter at noverande varaordførar Eva Hove ikkje ville ta attval. Asgeir Hovde er òg kumulert. Helvta av dei 14 kandidatane er kvinner Charles Tøsse toppar Høgre-lista, og skal hoppe etter Bratland som kandidat til ordførarvervet. Han er den einaste som er kumulert, og resten av lista er sett opp alfabetisk. Sju av dei ni som sit i kommunestyret i dag, stiller ikkje til attval. Tolv av tjue på lista er menn. Ingrid Løset, tidlegare ordførar i Stordal, er attende i politikken som ordførarkandidat og listetopp for Senterpartiet. Etter ho følgjer Lars Kristian Øvrebust på kumulert plass. Han er den einaste av dei tre i kommunestyret som tek attval. Helvta av dei 16 på lista er kvinner. Jonas Falch sit i kommunestyret for Fremskrittspartiet, og toppar vallista til partiet, framføre John Peder Øie. Begge er kumulerte. Seks av åtte på lista er menn Kristeleg Folkeparti klarte ikkje å stille liste i år, og Venstre er ikkje representert denne gongen heller. Det er heller ingen uavhengige lister i Stordal. Dermed vert det ikkje meir enn fire lister å velje mellom i kommunevalet til hausten. |
||||||||