Trivsel skaper næring |
|||||||
![]() |
Dette er utgangspunktet til velforeininga på Dyrkorn. Ifølgje leiar Elin Parr er det alvorlege tankar bak sveleprosjektet. | ||||||
08. april 2003
|
|||||||
| Elin Parr synest det er nesten rørande med ei bygd som Dyrkorn som er så full av dugnadsånd. | |||||||
| Dyrkorn Velforening har visjonar for bygda Dyrkorn. Med energiske Elin Parr i spissen har sunnmørssvelene fått ein heimstad, og det skal ikkje stoppe med dette. Svelene skal vere ein apetittvekkar til alt Dyrkorn kan by på. Og i følgje arbeidsnotatet til velforeininga, «Visjon Dyrkorn» er mulegheitene for bygda store. Her blir det referert til at dei som seier imot fleirtalet, vender ryggen til skeptikarane og vel å gå nye vegar, vil til slutt lukkast. Dyrkorn er innfallsporten til populære Skotet, bygda har koseleg trehusbebyggelse, og utsikta frå toppen av bygda er kommunens beste. Også her vil ein gjere meir ut av Olav Den Heilage si ferd forbi, og fjellgardane med alle historiene. Det er med andre ord turisme som kan sjå ut til å vere det mest nærliggande å satse på også for Dyrkorn. Velforeininga har fått 30.000 kroner frå næringsfondet. Ordførar Olav Bratland ga signal om at foreininga kunne nytte desse midlane på ein fri måte, etter at Parr informerte kommunestyret om Visjon Dyrkorn torsdag. I innlegget refererte Parr til at Dyrkorn ein gong var «Det lova landet» og dit ein pendla til for å få seg arbeid. No går pendlinga andre vegen. Men trass i nedgang for lokalt næringsliv, er det heile 25 unge under 16 år på Dyrkorn, og dette gir grunn til optimisme. Som i andre bygder har ein lenge venta på at nokon skulle kome og ta i eit tak, men dette skjer ikkje, sa Elin Parr. I staden tek bygdefolket saka i eigne hender. Ho refererte til planane om serveringsplass ved Kokarsteinen som ein inspirerande start. |
|||||||