Klart for karafest

02. april 2003
Kenneth Strømsøy
Dei åtte karane som vart utfordra til å lage revy. – Eg går ut frå at vi vart peika ut fordi vi er dei penaste, dyktigaste og mest morosame karane i bygda, seier pressetalsmann Øyvind Eide.
Karane i Eidsdal er i god gang med planlegging og øving til karafesten. I fjor var det damene som laga revy i Eidsdal, og det enda med at dei utfordra åtte namngjevne karar. Alle saman stilte opp og er no i ferd med å setje i hop eit program dei meiner er både variert og aktuelt.
– Leietråden er å halde moro, harselere – ikkje minst med oss sjølve, men òg med andre, og med maten, seier pressetalsmann Øyvind Eide.
– Det vert både mono- og polylogar, songar, spel, viktige møte i kommunestyret, og lokale observasjonar av folkelivet. Rønnebergvegen dukkar òg opp.
Det vert òg ekstranummer. Øyvind Eide seier det er viktig at folk får med seg dette, så dei ikkje gløymer å gje den applausen karane fortener.