Forvalting av hjortevilt |
|||||||
![]() |
Det har kome nye lover og forskrifter for forvalting av hjorte- og anna vilt dei par siste åra. Derfor hadde Norddal kommune ved viltforvaltinga kalla inn til ope møte, i Eidsdal sist veke og i Valldal i går. | ||||||
08. april 2003
|
|||||||
| Inge Lilleås orienterte om statistikk og nye reglar og forskrifter for hjortejakta. | |||||||
| Inge Lilleås orienterte dei som møtte fram i Eidsdal om kva for nye lover, reglar og forskrifter som har kome når det gjeld jakt og fangst, først og fremst når det gjeld hjort. Den viktigaste bodskapen var nok likevel at hjortebestanden i Norddal kommune har vore svært stabil frå 2001 til 2002, med svært små endringar for både kalv, unge koller, unge hannar, eldre koller og eldre hannar. Det einaste problemet med hjortejakta i Norddal, meiner Lilleås, er at det vert skote altfor få unge koller, og mesta tilsvarande for mange eldre koller. Men dette er eit problem som gjeld for heile landet. Ideelt skal det skytast like mange i kvar av dei fem nemnde gruppene. Årsaka til at det er uheldig å skyte for få av dei unge kollene, sa Lilleås, er at unge koller gjerne får små kalvar, fordi dei ikkje er heilt utvikla. Og små kalvar held oftast fram med å vere små når dei veks opp. Ikkje alle i salen var einige i at det er noko problem at det vert skote for få unge koller. Mellom anna vart det hevda at dei som er små når dei vert fødde, ikkje nødvendigvis vert små som vaksne. Det vart òg diskutert om dei som har særs små vald, med løyve for til dømes eitt eller to dyr i året, kunne sleppe å halde seg strengt til regelen om å skyte like mange dyr i alle gruppene. Det er ikkje sikkert at den eldre kolla dukkar opp det året det er ho som står for tur til å verte skoten. Men Inge Lilleås meinte ein ikkje kan vere meir slepp- hendte med dei med små vald enn dei med store. Det er eit politisk mål at avskytinga skal vere jamn, og at dei små valda slår seg saman så dei vert større, svarte Lilleås. Kor mange dekar per dyr løyva skal gjelde for, vart og diskutert. I dag er minstemålet sett til 1000 dekar per dyr, men det er mogleg å trekkje frå eller leggje til inntil 50 prosent, sa Lilleås. Med fleire løyve på 1500 dekar, får ein sjølvsagt auka fellingsprosenten, men ikkje så mykje som mange trur. Dessutan er det ikkje noko mål i seg sjølv å auke fellingsprosenten. Det som er viktig, er å halde bestanden stabil, og det er han i Norddal kommune, meinte han. |
|||||||