|
|
Han kjenner godt fjorden innover frå Valldal mot Tafjord. Fjorden ligg blank ein kald morgon i mars, og lina med rundt 200 krok skal ut like innanfor Furneset. Men før enden er festa i land får vi historia om kvifor det er Vika som eig eit stykke her: Ein som var son til ein prest på Rellingen, vart kyrkjesongar, men hadde ikkje songstemme. Derfor song Vika-mannen for han i kyrkja og så fekk han Furneset for det.
Litt lenger ute ligg Raflåna, der det ein gong budde folk i den bratte skråninga. Murane står att oppunder berget. Det var kyrkja som eigde der, og folket som budde der måtte betale eit kalveskinn med fisk og eit kalveskinn med vilt i skatt til kyrkja.
Pensjonist
Sigurd Strøm har vore pensjonist i 15 år, og fylte 80 år for ei tid sidan. No nyt han livet i huset på Nabben i Fjørå, som han bygde og flytta inn i i 1981.
Sigurd Strøm er fødd i Vika. Der vaks han opp saman med sju søsken. Mor hans, Sanna, var fødd i USA og kom tibake til Norge då ho var seks år. 16 år gammal reiste ho til Amerika igjen, og der møtte ho Petter Strøm frå Sykkylven. Dei gifte seg og dei to eldste borna kom til verda på andre sida av Atlanteren. Då dei kom tilbake til Norge, busette dei seg i Vika, og Sigurd fekk vekse opp der. Han minnest at han var berre sju år første gongen han rodde åleine til Valldal for å hente gjær til mora. Men ungane i vikavar vande i båt.
I 1941/42 gjekk han på folkehøgskule i Ørsta.
- Det var veldig bra den tida for dei som ikkje var så flinke på skulen, seier Sigurd og legg til at dei fekk verte vaksne. Sidan barst til Hardanger i to år og eitt år i Asker, der det var hagebruk han dreiv med. Så var det tilbake til Ørsta, der han gjekk på yrkesskulen og lærte
forskaling, jarnbinding og støyping. Dette ga også grunnlaget for det yrkes-
aktive livet. Han har vore fleire stader på anlegg, først i Årdal, så tre månader i Tafjord. I Oslo var han med og bygde Kontiki-huset og monterte flåten inne. Han var på ulike byggeplassar fram til 1974 då han reiste til Åndalsnes for å vere med å byggje plattform. Derifrå vart han send til Suldal og Ulla-Førre-anlegga, og var der i heile tolv år. Siste året var han i Sogn, på Jostedalsanlegget. Som 65-åring gjekk han av med pensjon.
- Om eg skulle velje no, ville eg ha gjort det same, seier Sigurd. - Det var godt arbeid, og eg var fagmann på mitt område. I tillegg tente eg høveleg bra, noko som gjer at ein får betre arbeidslyst, men vi kunne ikkje vere grådige heller.
Pensjonistkurs
- No har eg det godt som pensjonist, seier han. Då han gjekk av, fekk han tilbod om å vere med på pensjonistkurs, noko han takka ja til og aldri har angra på. Her lærte dei mykje, mellom anna korleis dei skal ordne seg med maten når dei er åleine. Det handla om å nærme seg døden og korleis dei skal leve for å halde seg friske.
- Du skal lage deg god mat, av og til kan du nyte eit glas vin attåt, gjerne ha lys og duk på bordet. Å trivast vil bety noko for helsa, seier han.
På kurset vart dei sette i hop to og to, der dei skulle fortelje livshistoria si til kvarandre.
- Det er viktig å kunne snakke og opne sinnet, mange er veldig innelsutta, seier Sigurd.
Fjorden
Sommar som vinter er Sigurd på fjorden i den kvite plastbåten sin, han har gjerne med seg gjestar. Det kan vere med line, garn eller stong. Og fiskeplassane kjenner han, dei har han lært ved å snakke med folk. Og så har han ekko-lodd, slik at han veit kvar han kan setje garna.
- Det kan ein ikkje gjere over alt,
plutseleg kan det vere over 200 meter djupt, seier han.
Han kan også mykje om historia langs fjorden. Han fortel om Korsneset, der det budde fleire husttandar. Ein gong vart ein del av folka tekne i ras. På Kastet var dei tidleg ute med fruktdyrking. Han kallar det ein «sulgard», fordi det var så godt med mat der. Folk ute på øyane ville helst sende døtrene sine til sulgardar i tenste, fordi dei visste at då fekk dei godt med mat.
Rett nedanfor Korsneset er det ein stad som heiter Brurahammaren, der drukna det eit brudefølgje ein gong. Historia vil ha det til at det var ei dame i Tafjord som var som ei heks, og at ho hadde skuld i tragedien.
- Men det var nok vinden, seier Sigurd.
Ein stad lenger ute er det eit stort hol i berget. Her seier segna at det var Heilag-Olav som sette årebladet sitt ned i berget då han for forbi.
Sigurd ordna seg med eit kart, på dette skreiv han ned alle namna han kjende langs fjorden. Dette kartet med namn har skulen fått, slik at det ikkje går i gløymeboka.
Reiser
- Eg har det godt, og eg brukar pengane mine, seier Sigurd. Han likar å reise. Noko av det første han gjorde då han slutta å arbeide, var å ta ein tur til Kina, der han var i seks veker. Han
skildrar turen som fabelaktig, å kunne sjå og oppleve det heilt gamle i kombinasjon med det tipp topp moderne. Peking-
operaen var eitt av høgdepunkta.
Snart skal han til Madrid for å vitje ein soneson. Han har god pensjon og klagar ikkje. Likevel vart han litt fortørna då han oppdaga at kommunen hadde lagt på prisen på heimehjelp med 70 prosent.
- Eg klarer det, men tenk på andre, seier han.
Han er ein omgjengeleg mann, som likar å snakke med folk. Han likar ikkje å klage, men ein ting synest han det er gjort feil i kommunen: Tenk at dei bygde ein åttekanta skule. Dei hadde spart 50 prosent i reparasjonar og vedlikehald om dei bygde ein firkanta. Vi bur ikkje i
California, vi må byggje for ver og vind, seier han om den saka. Dessutan synest han elevane i dag burde lære meir praktisk rekning og at det ikkje ville skade for den som er skulelei å ta seg arbeid i 15-16-årsalderen.
- No er dei 20 år før dei gjer eit arbeid, seier han.
Fangst
Det høyrer med til historia at det vart god fangst på linesettet, som
resulterte i fleire gode middagar med påsalta brosme. Eit garnsett nokre dagar seinare ga mellom anna 15 storlyrar og
17 storhyser, som igjen vart til 160 fiskekaker på Sigurd sitt kjøkken. |
|