Tidenes karafest |
|||||
![]() |
Så mange gode revynummer som kara-festen i Eidsdal kunne by på laurdag, må det vere lenge sidan bygdene på indre har fått oppleve og i tillegg til alt dette fekk damene ei rose. | ||||
15. april 2003
|
|||||
| Hardtslåande tekstar stod i kø frå første stund, og etter matpause med nærande gryterett tok programmet heilt av. Song- og paroditalenta stod i kø. Høgdepunktet vart nok sketsjen der store delar av kommunestyret var samla til ordrik debatt i kjend stil. Dei folkevalde var ikkje til å ta feil av, alle forstod kven som gøymde seg bak Stein Binge eller Svein Åsebinge, Martin Mott, Dotte Nautland, Solvinge Snakkestad, Petter Norddal, Tullfrid Frafjord og Ridar Røleberg. Ordføraren sørga for å slå klubba så fort at representantane ikkje kunne halde følgje, og irriterte seg etter kvart over ein overbevisande rådmann Roar Rådvill, med nordnorsk dialekt, som ikkje fann ut av fergjerutene. Det mangla ikkje på forslag til toalettløysingar for kommunesenteret, som vart den store saka på dette møtet. Torgeir Nerhus, som spelte ein meir enn overbevisande Martin Mott, ville satse på miljøvenleg mose-import, og bruksområda for mosen var grenselaust mange. Rønnebergvegen vart sjølvsagt tema, og det vart fokusert på rønnebergbuaren. I Torgeir Nerhus sin parodi av Oddgeir Bruaset vart det hevda at dei på Rønneberg nedstamma frå gråsteinbiten, eit steinfolk som hadde bite seg fast før vatnet sakk etter siste istid. I naturtelefonen vart fugle-terminologien brukt til gjennomført å skildre folk i eidsdalsbygda, eit populært innslag med Kåre Løvoll og Torgeir Nerhus i sentrale roller. Ordkunstnaren Idar Rønneberg heldt prolog om blant anna silerommet og framtida for fjøsen. Krava til vedlikehald i fjøslokala var no så store at han fann det naturleg å samanlikne silerommet med slottet. Begge hadde fuktproblem som kunne løysast med sklisikker italiensk flis på golvet, speglar, servantar og gyldne kraner. Karane hadde ikkje berre eit gjennomført og hardtslåande program, dei hadde også med detaljane. Alle var kledde i t-skjorter med karafest-logo, og som ein prikk over i-en fekk alle damer ei rose før dei gjekk inn i salen. Eit talrikt publikum visste å setje pris på sine lokale heltar på scenen og kvitterte med ukontrollert latter og applaus. Når får resten av kommunen sjå kara-gjengen frå Eidsdal? |
|||||