Det enda godt under løebrann på Rønneberg

I går ettermiddag tok det til å brenne i ei eldre driftsbygning på Rønneberg. Heldigvis spreidde ikkje elden seg til verken husa på garden eller gras og skog i nærleiken.
24. april 2003
Randi Flø
Det var den gamle driftsbygningen til Astrid Ytreeide det brått tok fyr i. Brannen verka eksplosjonsarta til å begynne med, og elden spreidde seg rasktfrå heimste enden. Bygningen var overtent på kort tid.
Folk kom til og fekk dra nokre slangar frå ein hydrant. På den måten fekk dei ha vatn på dei to husa som står nærast, to bustadhus.
Då brannkorpset kom, hadde løa rasa saman. Dei sette i gang med å sikre området rundt og sløkkje restane.
Det var ikkje dyr i løa. I det næraste
bustadhuset var det fleire vindauge som vart knuste.