Fugl på veggen og på nettet

23. april 2003
Kenneth Strømsøy
Hans Olav McQueen Moe, Sissel Elin Ruset og Anne Stine Skoge synst det er moro med både natur og data. Men naturen er best.
Elevane ved Fjørå skule har fuglekasse med innmontert vevskamera på skuleveggen. Både fuglekasse og kamera var på plass allereie i fjor - lenge før eit par fugleforskarar stod fram på Dagsrevyen med same idé - men utan at nokon fugl dukka opp. I går var det endeleg liv i kassa. Elevane fekk sjå ein liten uidentifisert skapnad på dataskjermen.–Vi trur det er anten ei linerle eller ei kjøtmeis, seier Hans Olav McQueen Moe.
På heimesida til skulen kan kven som helst følgje med på kva fuglen driv med, og gisse på kva det eigentleg er for ein fugl, men her kjem det berre eitt nytt bilete i timen. På skulen har elevane levande bilete.
Fjørå skule har sett opp omtrent ti fuglekassar kring skulen, og kvar onsdag fer elevane rundt og tar opp fuglelyder, som dei redigerar på datamaskin.
– Kva er det som er mest moro, då - naturen eller datamaskinen?
– Naturen! seier Hans Olav, Sissel Elin og Anne Stine i kor.

http://www.fjora.gs.mr.no/