Startar rydding av Trollstigen |
||||||
![]() |
Etter at geologar frå vegvesenet har sett nærare på rasstaden frå helikopter, konkluderer dei med at rasfaren her ikkje er større enn andre stader i Trollstigen. | |||||
23. april 2003
|
||||||
| Ivar Hoel (t.v.) i Statens vegvesen har saman med geologar hatt synfaring i rasområdet frå helikopter. Den andre på bildet er Per Brandli. (Foto: Øystein Talberg, Åndalsnes Avis.) | ||||||
Det var i førre veke at fleire tusen kubikk stein rasa ned på vegbana i Trollstigen. Ivar Hoel i Statens vegvesen seier om lag 50 blokker må sprengast for å få rydda vegen. Raset har gått over to vegstrekningar, og det er usikkert kor stor skade som har blitt gjort på asfalten. Først når dette er klart, kan ein seie kva oppryddinga vil koste. Hoel opplyser at det blir millionbeløp, noko meir sikkert er det for tidleg å seie.
UsikkertDå representantar frå vegvesenet såg på rasstaden tysdag, viste det seg at det var sprekker oppe i fjellet som muleg kunne resultere i fleire ras. Det var usikkert korleis stabiliteten i lausneområdet var. Ivar Hoel meinte det var uvisst om ein kunne starte rydding av vegen, det måtte nye undersøkingar til. Onsdag drog tre geologar og anna mannskap frå vegvesenet opp i helikopter over rasstaden. Konklusjonen på synfaringa var at ryddearbeidet på vegen kunne starte. På spørsmål om han trur det vil gå fleire ras med det første, svarer Ivar Hoel at faren for dette ikkje er større her enn andre stader i Trollstigen. Opnar til juniHoel seier mannskapa no skal prøve å finne ut kva maskiner som kan brukast i ryddearbeidet. Dei har som målsetjing å få vegen opna til 1. juni. Reiselivsnæringa rolegReiselivssjef Ove Skylstad seier han ikkje har vorte kontakta av reiselivsnæringa i Norddal om raset. |
||||||