Mykje folk, mange timar, mykje pengar |
||||||
![]() |
Helselagsbasaren i Stordal trekte folk i år òg, mykje folk, med mykje tolmod og ein god del pengar. Basarinntektene går mellom anna til ungdomshuset og til undervisning om narkotika. | |||||
29. april 2003
|
||||||
| Ole Martin Vad vann både eggehaldarar og sprutesåpe. Men helst ville han vinne sjokolade. | ||||||
| Eg trur aldri det har kome så mange her før, sa leiaren i helselaget, Oddrun Innselset, som var meir enn nøgd med frammøtet på helselagsbasaren. På førehand hadde helselaget lovd helvta av basarinntektene, men minst 50.000 kroner til den nystarta ungdomsklubben i Stordal. Kan hende var det derfor det kom så mange, og kan hende var det derfor pengane sat laust i fire timar. Hornmusikken kom på parketten allereie etter første runde med åresal, og spelte mellom anna tema frå «Muppet Show» og «Mixed Pickles», favoritten til gamlekarane som var med i barndomen til skulekorpset. Namnet på melodien skal og bør uttalast «miksedd pikkless» for å bringe fram dei rette minna. Men det var langt frå berre gamlekarane som treivst; fire småjenter dansa og klappa rett framfor korpset, og kosa seg. Etter musikalsk påfyll, var det tre nye rundar med åresal. På dei fleste borda hopa det seg fort opp med basarvinstar. Her var handkle, sprutesåpe, plastballar, kjempepizzahjul, sjokolade, blomar, marsipan- og kransekaker og ei mengd andre gjenstandar. Bolle- og kaffipause førte fram til dei fire siste årerundane, før det heile vart avslutta med loddtrekking. Dei gjævaste vinstane var sjølvsagt stolar frå møbelverksemdene i Stordal, men det var òg mange flotte husflidsprodukt, mellom anna ein enorm hekleduk, som det må ha vore arbeidd på sidan førre helselagsbasar. Minst. Vi fekk inn vel 70.000 kroner, fortel kasserar Johan Dyrkorn, og er stornøgd med resultatet. I tillegg til at ungdoms- klubben får ein god slump, vil pengane mellom anna gå til å undervise elevar og foreldre frå sjuande til tiande klasse om narkotika. |
||||||