Åtte misser jobben i Eidsdal

Norddal Industrier har bestemt å seie opp åtte tilsette. Det blir ikkje lenger aktivitet ved saumavdelinga i den tidlegare skjortefabrikken, vidare drift skal skje i nybygget til bedrifta.
29. april 2003
Ingrun Myklebust
Det er til saman 22 tilsette i Norddal Industrier i Eidsdal. Åtte av desse misser arbeidet, og dei det gjeld, fekk beskjed om dette måndag.
Dagleg leiar Ole Håvard Stavseng seier at bedrifra så langt har prøvd å løyse mindre ordretilgang med permitteringar, men at det no dessverre ikkje lenger var muleg å få forlenga permitteringstida. Det vart innført nye permitteringsreglar i januar 2002.
– Hadde permitteringsreglane vore meir fleksible, kunne vi ha halde det gåande lenger utan oppseiingar, seier Stavseng.
Han seier det er også gjort forsøk på å finne alternative marknadar for saumavdelinga, men at det ikkje har lukkast. Dei tillitsvalde og leiinga har ikkje sett noko alternativ til oppseiingane.
Grunnen til at det no vert kutta i arbeidsstokken, er manglande ordretilgang. Årsaka til dette meiner bedriftsleiinga er samansett. Både lønsnivå, rentenivå og valutakurs har hatt negativ innverknad på sjansane for å klare seg. Stavseng meiner det er grunn til å stille kritiske spørsmål ved den næringspolitikken som blir ført av styresmaktene, og etterlyser stabilitet og langsiktig tenking. Regjering og Storting gjer for lite, og det dei gjer, blir gjort for seint, meiner Stavseng.
Trass i det som har skjedd, har dei oppsagde teke situasjonen på ein fin måte, synest leiaren i verksemda. Det er dyktige medarbeidarar som må slutte, og prosessen er ikkje lett for verken tilsette eller leiing. Dei oppsagde har forskjellig oppseiingstid, verksemda i den tidlegare skjortefabrikken skal avviklast over tid. Det vert att ei saumavdeling i nybygget til bedrifta som ligg i Kalvegjerdet i Eidsdal.
Norddal Industrier AS er ei sjølvstendig bedrift, men har same daglege leiar som Stordal Møbler AS. Stordal Møbler er kunde til Norddal Industrier.