Gamlelensmannen rundar hundre |
||||||
![]() |
Det er tidleg på dag, og Ole Jakob Grønningsæter er allereie godt i gang med Sunnørsposten. Den spreke pensjonisten fylte 100 år i går. | |||||
7. mai 2003
|
||||||
| Ole Jakob Grønningsæter er fødd 6. mai 1903. | ||||||
| Han har av og til problem med å hugse ting, men elles er det ikkje så mykje som feilar den spreke hundreåringen. Han kan fortelje om at han var sjuk ein einaste gong, og det var like etter krigen. No er den tidlegare lensmannsbetjenten pensjonær ved sjukeheimen i Valldal, her bur han saman med kona Bergliot. På spørsmål om han har det godt her, kjem det eit kontant ja. Han fortel at han prøver å følgje med ved å lese avisa, og dei som er rundt han kan fortelje at han les ho gjerne fleire gongar. I kampDå Ole Jakob var 18 år, starta han på underoffisersskulen i Trondheim. Men det skulle ikkje bli militæret som han brukte mest tid på i åra framover, men lensmannsetaten. Etter skulen arbeidde han først nokre år som lensmannsdreng i Trondheim, før han fekk seg jobb i Ørskog og Sykkylven lensmannsdistrikt. LensmannenEtter krigen kom Ole Jakob Grønningsæter med familien sin til Valldal. Tittelen hans denne gongen vart lensmannsbetjent i Dale. For folk i bygdene var han lensmannen, og han fekk respekt der han kom med sitt litt alvorlege og strenge oppsyn. Ikkje alle visste at det skjulte seg ein lun humorist bak det skarpe blikket. Han kan fortelje at han aldri kom ut for slåstkamp i tenesta si i norddalsbygdene. Andre fortel om lensmannen at han passa på å stoppe berre dei han visste var edru når det var kontroll. |
||||||