Den flotte skidagen

7. mai 2003
Kenneth Strømsøy
Her er gjengen som gikk til Fokhaugane
Ole Henrik Nakken, Vegard Busengdal, Jørgen Vinje Tøsse, Adrian Nakken, Jenny-Kristin Langlo, Erika Holand Tøsse og Robert Sørås.
Tysdag den 8.april var heile skulen på skidag. Det var fint ver og sol, så vi måtte bruke solbriller og solkrem. Vi sveitta når vi gjekk på ski. Sjølv om vi vart våte, var det ikkje kaldt. Vi i første, andre, tredje og fjerde klasse tok buss eller sat på med bil fram til Overøye. Der tok vi på oss ski og gjekk fram på sætrane. Framme på Pusken kosa vi oss heile dagen. Vi rende på akebrett og ski i bratte bakkar. Vi laga hopp og av og til tryna vi. Viss oss gjekk utan ski, for føtene nesten heilt ned til Kina. Vi prøvde å lage snøhole, men det gjekk ikkje an. Nokon laga kjøleskåp til sjokoladen og brusa si. Vi laga ei bane med mange svingar. Det var gøy. Nokre gjekk tur heilt fram på Fokhaugstova. Vi styra på heile tida, men av og til måtte vi ha pause. Då kosa vi oss med mat, brus, te, kakao og godteri.
Vi såg ein røyskatt også. Den var heilt kvit og hadde svart hale.
Turen var kjempegøy.

Helsing alle 2. klassingane ved Stordal skule.