Tafjord ut av satellittskuggen

Frå å ha tilgang til kun ein fjernsynskanal med ein bildekvalitet som ikkje alltid var på topp, har dei fleste i Tafjord fått sylskarpe digitale bilete frå eit utval kanalar.
7. mai 2003
Ingrun Myklebust
Henning Moe har hatt meir enn ein finger med i spelet i prosessen med å forsyne tafjordingane med digitale bilete. Sjølv er han mest oppteken av å få fram dei andre som har jobba med prosjektet, og gir honnør til alle som har vore med på dugnad
Så og seie alle fastbuande i Tafjord har knytta seg til Tafjord digital-TV. Henning Moe kan fortelje om ei imponerande oppslutning om satellittanlegget, som har 45 abonnentar.
Sidan heile Tafjordbygda ligg i satellittskugge, fekk initiativtakarane bak prosjektet løyve frå Post- og teletilsynet til å sende TV-bilda på luft. Hallvard Tafjord stod for søknaden. Arbeidet starta i 2000, og i fjor sommar fekk abonnentane tilgang til ein bildekvalitet og eit kanalutval dei ikkje var vane med. Før var det kun NRK1 som kunne takast inn. No har dei tilgang til åtte kanalar. Det er NRK1, NRK2, TV2, TVNorge, Canal+-kanalar og dei norske radiokanalane. Ifølge primus motor og teknisk ansvarleg for anlegget, Henning Moe, har dei kapasitet til å sende 25 TV-kanalar og like mange radio-
kanalar.
Det er ikkje få dugnadstimar som har vore lagt ned av dei som var med å søkje om løyve og setje opp antenner og sentral. Sjølve satsinga har vore eit spleiselag mellom fleire aktørar i Tafjord.
Mottak og sendar er montert utanfor, over og inne ved inngangspartiet til stasjon K4 i Tafjord. To parabolantenner tek QPSK-signal inn til sentralen. Her blir signala gjort om til QAM-signal og sendt ut til abonnentane via ei UHF-sendeantenne, forma som ein kvit boks utanfor inngangspartiet.
Dei som er brukarar og skal ta imot signala må sørge for å ha ei UHF-antenne ute og ein QAM-boks inne ved fjernsynet. Alle må kjøpe abonnement hos Canal Digital. Dette kostar 528 kroner i året. Dei som vil sjå sport på Canal+ må betale eit tillegg.
Henning Moe trur dei fleste er fornøgde med å ha fleire kanalar å velje i. Det er særleg vinteren dette er viktig, sommaren er det så mykje anna som foregår, seier han. Sjølv ser han ikkje av dei ivrigaste brukarane:
- For meg er det teknikken som er interessant, eg ser nesten ikkje på tv.
For å få inn lokalfjernsyn ser folk i Tafjord framleis på NRK sendt av Telenor. Men ellers er det bilete med DVD-kvalitet som no kan nytast på fjernsynsskjermane til dei fastbuande. Truleg vert kanalspekteret utvida etter kvart.
Henning Moe veit det finst eit liknande anlegg i Romsdalen som det dei har bygt ut i Tafjord, og i nokre andre små bygder rundt om i landet.