På lag med elva

Valldal Elveeigarlag har så langt klart å slå tilbake gyro-parasitten og fått laksen til å kome tilbake til elva i store mengder.
14. mai 2003
Ingrun Myklebust
Kyrfonna og isferder har truleg vore med og smadra nedre kulp i laksetrappa som ligg på strekninga mellom Holsfossen og Rem. I haust håper elveeigarlaget å få reparert skaden.
Det har ikkje gjort seg sjølv. Etter den drastiske rotenonbehandlinga i 1990 har det vore arbeidd maålbevisst med klekking og utsetjing av yngel. Etter ei fredningstid og nokre svake fiskeår har dette gitt resultat. I 2001 spratt fangststatistikken i veret, og fjoråret vart eit rekordår med 3110 kilo fisk. Valldøla er no den mest fiskerike elva på Sunnmøre, ifølgje statistikkar som Sunnmørsposten har presentert.
I fjor vart det innmeldt 60 laksar over 7 kilo, tilsaman vart det hala i land 795 fiskar av sjøaure og laks. Og dette er berre det som er registrert.

Tore Hoel er leiar av elveeigarlaget for sjuande året på rad, men sjølv fiskar han aldri og har ikkje eingong fisketroe. Sonen Karl er derimot ein ivrig fiskar, så Tore får smake sin del av laksen. Motivasjonen til Tore er å få bygt opp elva til å vere ein del av næringsgrunnlaget i bygda.
Det viktigaste arbeidsprosjektet til laget i år er å få reparert laksetrappa ved Kyrfonna mellom Hol og Rem. Neste kulpen er øydelagt, og det må støypast ny vernemur. Dette kan truleg gjerast i haust, om verforholda og elveføringa tillet det. Når elva er stor nok, kjem laksen seg forbi, men forbetringa vil gjere at laks kan gå heilt opp til Gudbrandsjuvet når elva er mindre også.

På årsmøtet i april i år vart det reist sak frå elveeigarar i nedre del av elva om kor vidt dei som raftar på elva, bør betale avgift til elveeigarlaget. Det vart hevda at raftinga er til sjenanse for dei som fiskar. Utfallet av saka vart at det ikkje skal krevjast avgift.
- Det er ikkje grunnlag for å krevje det. Det vart vist til Sjoa, der elveeigarlaget får inn avgifter fordi dei har laga klosett, brygge og ilandstigningsplassar, men ikkje for bruken av elva. For somme som fiskar, er raftinga sjenerande, men andre igjen meiner det kan vere ein fordel og at ho får fisken til å flytte på seg, oppsummerer Tore Hoel frå møtet.
Han trur løysinga må bli at raftarane brukar elva til faste tider, og at fiskarane får informasjon om dette.

For tida har styret i elveeigarlaget jobb med å passe rogn og yngel i klekkeriet som er plassert i ein kommunal garasje på Sylte. Dei fordeler vekene mellom seg, og har regelmessige turar for å plukke vekk død rogn og yngel. Når plommesekkyngelen er klar, vert han fordelt mellom dei som har elverett, og dei set sjølve ut yngelen. Elva må ikkje vere for stri når dette skjal skje. Av dei 70 liter rogn som kom frå den levande genbanken i år, vert det truleg 300-350.000 yngel som kan setjast ut.
Rotenonbehandlinga i 1990 må seiast å vere vellukka for Valldøla. No er elva sjukdomsfri. Det vert stilt strenge krav for å unngå ny smitte i elva, og krava må vere slik framleis, sidan elvar i nærleiken er infiserte. Ved Turistinformasjonen kan fiskeutstyr desinfiserast. Om ein har tilgang til frysing, er dette også fullgod desinfeksjon. Utstyr som har lege tørt over vinteren er også trygt å bruke.

Eit stadig tilbakevendande tema for elveeigarlaget er rydding langs elvebardane. Dette blir teke opp kvart år, seier leiar i Valldal Elveeigarlag, Tore Hoel. Det gror til med kratt så snart ein sluttar å rydde. Han har høyrt at det kom inn ein del klager på dette frå folk som kjøpte fiskekort i fjor. I den nye driftsplanen for elva er vegar og stiar sett opp som eige tiltak. Her heiter det at dei som har fiskerett, skal synfare stiane kvart år og ruste dei opp om det er nødvendig.

Valldal Elveeigarlag har 87 medlemmar som fordeler seg på 27 gardsnummer frå Muri til Alstad. Ove Skylstad på turistkontoret har allereie lange lister med ivrige fiskarar som ventar på å få kjøpe fiskekort. Men først må elve-
eigarane levere korta sine til turistinformasjonen, og det må gjerast i god tid før dagen det skal fiskast på, seier Skylstad.
Han opplyser at det er sjeldan folk har vore så tidleg ute for å bestille plass i elva, og somme har sett seg ut visse område dei ynskjer å fiske i. Det går med andre ord mot ein ny, spenningsmetta sesong for dei med troe, solbriller og fiskehatt.