Store planar med mat og drikke

I dag må stordalingane dra langt om dei vil ut og ete og drikke. Men til neste år kan dei ha både kafé, bar og selskapslokale midt i sentrum. kanalar.
14. mai 2003
Kenneth Strømsøy
I løa og silobygget på garden til Reidun og Nils Tomas Hove er det planar om matstove, bar og selskapslokale. Kjøtproduksjonen skal skje i reiskapshuset. Serverings- og produksjonslokala er teikna av arkitekt Kjell Peter Fet, og skal vere i ein noko grovvoren grindløestil.
På garden til Reidun og Nils Tomas Hove er planane store: Saman med dottera og svigersonen, Siri Kathrin og Bulent Øcalan, vil dei servere heimelaga gardsmat til kvardag og fest. I fjøset skal opptil 200 gjestar sitje og ete, medan endå ei god handfull kan få plass i baren. Planane er så godt som klare. No er det berre å få orden på finansieringa.

Særprega
Det er eit ganske eineståande prosjekt familiane Hove og Øcalan har gjeve seg i kast med. Dei kjenner til ein del gardsmatprosjekt rundt om på Vestlandet, men ikkje noko som er så stort og femnar så mykje:
I eine enden av fjøset skal det vere plass til dagleg matservering, og i andre enden vert det salong og selskapslokale. Midt i mellom kjem mellom anna kjøkenet og ein bar. Maten som skal serverast, vert først og fremst av tradisjonelle oppskrifter av vilt, får og laks, men kan hende vert det òg lokka med ein og anna tyrkisk smakebit. Og viss alkohollova vert endra, slik det ser ut til, skal det serverast heimelaga kornøl.
I reiskapsskjulet skal det setjast i stand produksjonslokale for mórpølse, pinnekjøt, røykelaks og anna godt, som dels skal seljast direkte på garden og dels skal nyttast på gardskjøkenet.

3,3 millionar
Det er mykje tid og mange tankar som ligg bak planane, som langt frå er noko luftslott:
Møre og Romsdal Bedriftsrådgiving har gjort marknadsundersøkingar som syner at det heile skal gå rundt, trass i investeringskostnader på 3,3 millionar kroner.
Om dei klarer å stogge fem prosent av gjennomgangstrafik-
ken i Stordal, vil verksemda gå særs godt, fortel Reidun og Nils Hove, men om dei stoggar berre tre prosent, vil det òg verte overskot.
– Vi har tenkt på dette i fleire år, men no når det er nedgangstider i kommunen, er det mykje lettare å få støtte til nyskapande verksemd, seier dei.

I gang til hausten
Om det vert orden på finansieringa, kjem sjølve matproduk-
sjonen i gang til hausten, når vilt og lam kallar på kniven. I tillegg til solid langsam-mat, vil dei òg selje særprega og snøgg hyttemat, som til dømes vakuumpakka
vilt- eller lammegryte. Når det nærmar seg påske, opnar matstova/kafeen/restauranten, saman med bar og selskapsloka-
le.

Leikeplass
For å halde ope heile året, må både stordalingar og folk i nabokommunane kome for eit godt måltid ein gong i mellom. Det har familiane Hove og Øcalan god tru på. Ikkje minst satsar dei på å leggje til rette for småbarnsforeldre:
– Utanfor kafélokala skal vi lage til ein liten leikeplass, så foreldra kan ete i ro og fred, samstundes som dei har eit auge med ungane gjennom glaset, fortel Siri Kathrin Øcalan.