Bunad heile døgnet

Å sy bunader er travelt arbeid før 17. mai. Då er det viktig å trivast med det ein gjer, synst Anita Ringmo.
14. mai 2003
Kenneth Strømsøy
I tida før 17. mai er det ikkje mykje av døgnet som ikkje er bunad for Anita Ringmo på Anitas Systue.
Anita Ringmo har sydd sidan ho var lita jente, og alt ho kan med nål og tråd har ho lært seg sjølv eller plukka opp frå andre. Noko kurs eller syskule har ho ikkje, men godt rykte for arbeidet tel no det òg.
Det er først og fremst sunnmørsbunad og norddalsbunad ho syr, men ho tek andre bunadsoppdrag òg. Men då mo ho ha brukbare bilete å sjå etter. For tida er ho mellom anna i ferd med å gjere ferdig ei dansk folkedrakt til ein mannleg folkedansar.
Før ho starta firma, sydde ho mest kva som helst, frå skinnkle til festkle. Men skal ein få ei systove til å gå rundt, lyt ein spesialisere seg, og Anita har valt å halde seg mest til bunader. Er det nok bunader å arbeide med, seier ho derfor nei til anna arbeid. Men når det fjærar i bunadsmarknaden, syr ho brudekjolar og finskjorter, reparerer og syr ut og inn klede som er for små eller store.

Mannsbunader syr ho frå botnen, og skaffar alt materialet sjølv, men når det gjeld kvinnebunadene, gjer ho berre monteringa. Eller det vil seie: Det er ikkje berre, berre å montere kvinnebunader – det er like mykje arbeid som å sy mannsbunad frå grunnen. Alle dei ulike delane må klippast til og tilpassast, og det finst ikkje malar å klippe etter. Anita må teikne opp og klippe for frihand, og skulle det gå gale, kan store og flotte broderi gå reint til spille. Heldigvis har det enno ikkje gått gale.
Anita grovsyr bunader heile året, og passar dei til når tingingane kjem. Men dei som vil vere sikker på å få ferdig ein kvinnebunad til konfirmasjonen, bør helst ta kontakt allereie i november/desember. Då tek bunadsvåren til, og fram mot 17. mai snurrar symaskinen stadig fortare.

Dei travle dagane gjer at samvitet er litt i ulage når det gjeld dei to hundane; særskilt den skotske fårehunden Amandus er rastlaus, og vil ha meir av både kos og tur: – Det vert dessverre for lite merksemd for hundane i desse dagane, seier Anita.
Men når berre 17. mai er overstått, vert det orden på hundelivet; då skal det verte kos og tur så det held for både Anita og Amandus.