Historie, sild og sjøuhyre |
||||||
![]() |
MK Heland er på rundtur i Storfjorden for å lære skule- elevane om historie og tradisjon frå kysten. Då høyrer det sjølvsagt med nokre riktig gode historier om sjøuhyre. |
|||||
21. mai 2003
|
||||||
| Korkje hampetau eller tauhamp er lett å få tak i lenger. Hampen som vert brukt til å tvinne tau her, er spesialimportert frå Ungarn av den einaste reipslagaren som er att i Noreg. Hampeplanta som dette tauet er laga av, kan ein òg lage narkotika av, fekk elevane vite. | ||||||
| Tysdag i veka som var låg MK Heland til kai på Sylte og tok i mot elevar frå Valldal skule. Om bord på båten fekk dei høyre sjømannshistorier av både den sanne og litt mindre sanne sorten. Men ei god sjømonsterhistorie vekkjer no iallfall appetitten for anna sjøkultur. Men sanne historier treng treng ikkje vere mindre spanande enn dei som ikkje er fullt så sanne. MK Heland vart brukt til å frakte norske flyktningar og agentar over til Shetlandsøyane under andre verdskrigen. På ferda attende til Norge var det ammunisjon som var i lasta. Fram til 1942 gjekk MK Heland og andre små fiskefarty i denne farlege farten, men frå 1942 vart fiskebåtane bytte ut med ubåtjagarar. MK Heland vart bygd på Vestnes i 1937, og fram til andre verdskrigen var båten med på både storsildfiske, torskefiske og kvalfangst. Etter krigen vart han mellom anna brukt til fiske etter størje i sommarhalvåret. Sunnmøre Museum fekk MK Heland i 1971, og det er museet i lag med venneforeininga til båten som har fått i stand dette kultur- og historieprosjektet som alle skulane langs Storfjorden no får vere med på. |
||||||