Fyller opp batteria i Norddalen |
||||||
![]() |
Med ein oldefar som kom frå Ivergarden og med alle barndommens somrar i bygda, er det her ho har sitt faste haldepunkt. | |||||
21. mai 2003
|
||||||
| Gjennom eit småruta vindauge under besøk på Hatlestad kan Anne Katrine sjå ut på snø som dalar ned på vårgrøn natur ein mai-onsdag. |
||||||
| Saman med sin tyske ektemann og to unge døtre er Anne Katrine Høegh Krohn på hytteopphald i Grovadalen. Til vanleg bur ho og familien i Berlin, der jobbar begge dei vaksne i familien som filmskaparar. Ho har to spelefilmar bak seg som vart laga for tysk fjernsyn, no er ho i gang med nye prosjekt. Eitt av desse er ein musikal. - Eg valde den forma fordi det passa til historia. Men eg er ingen utprega musikkjennar, så det gjer det heile mykje vanskelegare, seier ho, som har ein medforfattar på dette prosjektet. Seinare i prosessen blir det å jobbe saman med produsent og filmteam. Det er i Norddalen ho ladar opp, ho er heilt bevisst på at ho treng dette. Det beste er å sitje på trappa og berre sjå. Det må ei snødrive til før vi går inn! Underhaldninga er å gå ned på buda for å kjøpe aviser eller det ein gløymde sist ein var der. Det treng ikkje skje meir for vår del. Det er spesielt i Norddalen, det verkar som det er mange unge som bur her og byggjer hus, det er ikkje ei avfolkingsbygd, seier ho ettertenksamt. Det er vanskeleg å dra likheitstrekk mellom Berlin og Norddal: I Tyskland er det ikkje uberørt natur. Det er så mange menneske, reglar og skilt. Ein finn mange fine stader der også, men det blir som å gå i ein park. Anne Katrine drog til Berlin for 14 år sidan, rett før muren fall, og gjekk på filmskule i byen. I dag klarer ho og mannen å leve av å vere filmskaparar. 80 millionar tyskarar og tyskspråklege Sveits og Austerrike er kundegrunnlaget. Dei drar tilbake på slutten av sommaren, «når vi har fått treft heile slekta» som Anne Katrine uttrykkjer det. Så er det borna hennar sin tur til å leike med borna i Olegarden og Pegarden, slik ho sjølv gjorde det som ung feriegjest i Dalsbygda. |
||||||