Galskap eit viktig element |
|||||||||
![]() |
- Det er galskap. Men slik tenkte mange også då nokon ville setje i gang og byggje kraftverk inne i fjella her. Også då var det nokre galne sjeler som hadde mot. | ||||||||
28. mai 2003
|
|||||||||
| Planane i Tafjord fikk stor merksemd frå media. I trappa ned mot Zakariasdemninga ser vi Marianne Heske (t.v.(, Eli Synnevåg og Kjetil Trædal Thorsen | |||||||||
| Det sa Arthur Buchardt då Hotell Tafjord og Galerie Tafjord vart presentert for pressa i Tafjord sist måndag. Han var sikker på at dei to prosjekta som heng nøye saman, vil kome på kartet på høgde med det skeive tårnet i Piza, Pompidou-senteret i Paris og biblioteket i Alexandria. Han fortalde at det var for om lag to år sidan at Marianne Heske sa til han at Norddal kommune hadde ei hotelltomt nede ved fjorden. Då tok dei til å leike seg med tankar og idear, og det enda opp med eit hotell oppe på demininga av Zakaraisdammen, saman med glasbjelken. - Eg trur dei fleste tenner på denne ideen, og her er det snakk om å tenne. Dette er ikkje for vanlege pakketuristar, men folk som er spesielt engasjerte i natur, kultur og arkitektur. Det er eksotisk og dramatisk, det skal vi selje og ta godt betalt for, sa Buchardt. Prislappen for hotellet ville han ikkje ut med, men sa at det vil koste nokre titals millionar. Håpet er byggestart neste sommar og ferdigstilling i 2005, gjerne 7. juni. Buchardt hadde dessutan ikkje noko krav til vegen opp til dammen, han syntest den allereie er litt for fin, fordi den skal vere ein del av attraksjonen. Buchardt viste til at grunnmuren for hotellet allereie er der og kalla det for parasittarkitektur. Snøhetta |
|||||||||
![]() |
Skredsenter Astor Furseth fortalde om arbeidet med å få til eit skredsenter, som har pågått i fleire år. Han viste til Tafjordulykka i 1934 og kunne dessutan fortelje at sjølve Tafjordbygda ligg på eit 3.000 år gammalt skred. Først var tanken å leggje eit slikt senter nede ved fjorden. Han trekte fram at Tafjord dei siste hundre åra har vore prega av nyvinningar, at fjella er fylte med høgteknologi i samband med kraftproduksjon. Då den 95 meter høge demninga vart bygd i 1967, var det ei ingeniørbragd, og demninga er framleis den nest største i Europa. Glasbjelken var noko vi aldri kunne førestille oss i vår villaste fantasi då vi tok til å arbeide med skredsenteret, sa Furseth. Arbeidsplassar |
||||||||