Pustar liv att i Smogehuset |
||||||
![]() |
Det har vore produksjon av kaffikverner i huset og mange har budd her. Men no er det familien Blindheim som bur i og pussar opp det store trehuset i Eidsdal sentrum. | |||||
28. mai 2003
|
||||||
| Utvendig har huset fått nye vannbord i blekk som er måla kvite, og som slepp luft til kledninga. Til no har det blitt skifta ut 26 vindauge i huset. Oppussarane synest at Nordvest-Vindu var firmaet som tok oppdraget deira mest alvorleg av dei ti leverandørane som fekk anbod. | ||||||
| Michèl Blindheim trur mange gjekk og venta på at det 620 kvadratmeter store huset skulle bli rive. Men i april 2000 starta ho og mannen Nils Olav det omfattande arbeidet med å pusse opp Smogehuset. Det var huset som gjorde at familien flytta til Eidsdal frå Sverige. Det var ikkje problem med å få seg arbeid i Eidsdal, og dei er glade i bygda: Det er ikkje mange forunt å bu på ein slik vakker plass, det tenkjer eg på kvar dag, seier svenskfødde Michèl. Det første dei ga seg i kast med var kjellaren. Her måtte det oppmorkna tregolvet ut og vart erstatta med sementgolv. Med kjellaren rommar det høge bygget fire heile etasjar, i tillegg kjem jordkjellar og mørkeloft. Familien bur i første etasje, han er for ein stor del ferdig oppussa, og dei jobbar no mest med andre høgda. I første er dei spesielt fornøgde med soverommet. Veggar med laseringar, lette gardiner, gamle eignelutar som har fått eit nytt strøk maling og eit golv som nesten blei hivd ut er elementa i rommet. I staden for å gå på søppelhaugen fekk golvet ligge. Etter mykje pussing og mange strøk lys beis og lakk har det blitt som eit smykke i rommet der ein kan sjå litt av historia i huset opp gjennom laga av lakk. - Det skal ikkje vere for mange møblar i eit rom, det vanskelege er å ta bort slik at rommet ikkje blir overmøblert, seier Michèl. |
||||||
| Det har i det heile teke blitt lagt mykje arbeid i golva i det store huset. Nils Arne synest Michèl har gjort ein god jobb med dei, ho er den som har taket på fargar og form, fortel han. Der det har vore muleg, har dei behalde dei opprinnelege tregolva. På kjøkkenet prøvde dei vannbasert lakk, men gjekk fort vekk frå det og no blir det kun brukt oljebasert lakk og linoljemaling. Den vann- baserte var for mjuk og ga ikkje ønska farge. Dei to får ikkje rost nok linoljemalinga. Den er dyr i innkjøp, men er utruleg slitesterk og dryg. Sidan huset vart reist i 1927, har det kun blitt mala to gongar, og malinga var sjølvsagt linoljemaling. Ein draum fram i tid er å få sentralfyr med ved eller olje. Dette er vanleg i Sverige, der er det ikkje mange som varmar opp huset med elektisitet, seier Michèl. Ho og Nils Olav byr på kaffi i eit kjøkken som går i blått. Kjøkkeninnreiinga fekk dei lakkert om hos Indreeide Mekaniske, dei synest dei fekk ei rimeleg løysing. I kjøkkenet som i huset elles har dei satsa på å bruke tre og oljebasert maling, framfor plast og syntetiske produkt. Familien i huset gler seg over ein ny sommar med liv og røre i gatebildet og opne vegar austover. Truleg får dei gjestar i dei sommarlette romma som står klare i tredje etasje. Går det som det brukar å gjere, trivst gjestane så godt i Eidsdal og i Smogehuset, at dei ikkje har lyst til å dra att... |
![]() |
|||||
| Soverommet er det rommet i huset dei er mest fornøgde med. | ||||||