Folk kastar for mykje |
||||||
![]() |
Folk kastar alt for mykje fine og brukbare ting, synest Trond Omenås. Sjølv har han plukka med seg både det eine og andre frå miljøstasjonen på Grandane. | |||||
28. mai 2003
|
||||||
| Det er fullt av både kvite- og brunevarer på miljøstasjonen på Grandane. Det meste er heilt i orden, meiner Trond Omenås. | ||||||
| Trond Omenås kjem inn i redaksjonen og er forarga over at det er så mange som kastar ting som er heile og brukande. Eg gjekk nett forbi Spar og såg at dei kasta nokre heilt fine jarnlysestakar. Dei såg ikkje ut til å vere øydelagde i det heile; dei er meir enn fine nok for meg. Omenås fortel at han har funne mykje dugande apparat på miljøstasjonen på Grandane, både fjernsyn, videospelarar og vaskemaskinar. Annakvart fjernsyn og mest kvar einaste vaskemaskin han har teke med seg, har verka med ein gong han har plugga i kontakten. Av det som ikkje har fungert, er det mykje som har vore mogleg å reparere utan store kostnader, fortel Omenås. Det er ille at vi har fått eit samfunn der fine og heile ting vert kasta. Viss folk ikkje hadde kasta så mykje, hadde dei kan hende klart seg med lågare lønningar, og vi kunne hatt mindre arbeidsløyse. Trond Omenås synst folk bør tenkje seg godt om neste gong dei vil kaste noko, og oppmodar dei som treng noko nytt til å ta turen innom miljøstasjonen - der er det stadig mykje fint å finne. (Men hugs å kome i opningstida; det er ikkje lov å opphalde seg på området når det er stengt.) |
||||||