Jordbærhausten vert truleg halvert |
|||||||||
![]() |
Etter rekordsesong for jordbærdyrkarane i Valldal i fjor, vert det ein tung nedtur i år. På Valdal har somme mist opp mot 70 prosent av avlinga. | ||||||||
4. juni 2003
|
|||||||||
| Arnfinn Alnes viser fram jordbæråkrane. Store område er skadde, og nokre av åkrane er allereie oppløgde og tilplanta på nytt. | |||||||||
| Jordbærplantane fekk det vanskeleg då frosten kom før snøen, og det gjekk tele i jorda. I tillegg kom smeltevatnet og fraus til is på åkrane. Arnfinn Alnes er mellom jordbærdyrkarane som har vorte hardast ramma av vintervêret: Eg har fått vite at eg skal vere glad om eg får ein tredel av avlinga i fjor, seier Alnes, og peikar utover jordbæråkrar der mest alle plantene har stroke med. For naboane Egil Valdal og Leif Indreeide har det gått like ille. På eit par av åkrane har Alnes allereie pløgd og planta på nytt. Eg har sett 23-24.000 nye plantar og brukt mellom 50 og 55.000 kroner, så det vert lite med overskot i år, og sidan det tek to år før plantane gjev full avling, vert det nok magert til neste år òg, fortel Alnes. Kjem det fleire slike år, kjem eg nok til å slutte med jordbær. Arnfinn Alnes er òg uroa for dei polske jordbærplukkarane, som han no må avvise. I fjor hadde han 27 plukkarar, men i år må talet truleg kuttast til ti. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal velje ut kven som får vere her, om eg skal nytte ansiennitetsprinsippet eller noko anna. Uansett er det mange som vert lei seg no, seier Alnes. Bringebær Sjølv om vinteren har fare hardast med jordbæra, har han òg råka bringebæra. Men medan det var julekulda som knekte jordbæra, var det påskelinna som tok bringebæra. Mildvêret i påska fekk bringebærbuskane til å skyte skot, men tele i jorda gjorde at stenglane ikkje klarte å ta til seg vatn, og dei visna vekk, forklarer Torstein Døving, som er den største bringebærdyrkaren i Valldal. Vinteren har ikkje fare så ille med bringebærbuskane som med jordbærplantane, men Døving reknar med at han har mist 30 til 40 prosent av avlinga. Sjølv om det ikkje er så mange busker som er heilt daude, er toppane øydelagde mange stader, og det er toppane som gjev mest bær, seier han. Eg har det uansett mykje betre enn jordbærdyrkarane - bringebærbuskane kjem trass alt med nye skot allereie til neste år, og eg treng ikkje setje nye plantar. |
|||||||||