Heilårsope i Geiranger

Ola i Galleri Geiranger ventar på kundar som er interesserte i handblåst glas, så han har det travelt med å få varene inn frå bilen.
4. juni 2003
Ingrun Myklebust
Galleriinnehavar Ola Une Ferstad Liland er sjølv utøvande kunstnar, og her er han framfor sitt eige måleri.
- Cornelia Skuggen er einaste glasblåsar mellom Bergen og Trondheim, fortel galleriinnehavar Ola Une Ferstad Liland. Han er nettopp tilbake frå ein tur hos glaskunstnaren. Om ei stund ventar han besøk av båtfolk som er interesserte i det blåste glaset.
Det er i det heile teke mykje lokal kunst fordelt på tre etasjar i det gamle tre-
huset. 70 kunstnarar og kunsthandverkarar frå heile Vest-Norge stiller ut. Det store mangfaldet er tilgjengeleg stort sett heile året, ikkje berre sommaren.
– Folk kjenner meg, dei tek kontakt når dei vil ha noko, seier han om skulder- og vintersesongen.
Det er ellevte sesongen til Ola Une Ferstad Liland i galleriet. Sjølv er han også utøvande kunstnar og har verkstad og base i Geiranger. Han har oppdaga at det er forskjell på turistar.
– Nordmenn er meir bevisste i forhold til kunst enn utlendingar. Det er mest individuelt reisande som kjem hit, utstillinga er for spesielt interesserte, kan han opplyse.
– Det er veldig viktig at vi ikkje blir ei trollbygd, at vi kan vise samtidskunst. Ein skal ikkje nedvurdere dei tilreisande og vi bør tilby anna enn souvenirar som kufter og troll, utan at det er noko gale med det, seier gallerisjefen. Han ber det siste av glaskunst ut av varebilen og inn i det som allereie er eit velfylt galleri.