Levande historie |
|||||||||
![]() |
Det vart trangt om plassen både på dei små markane og i dei bratte bakkane i Me-Åkneset sist søndag. Nærare 1200 personar fekk plass då Storfjordens Venner heldt stemne. Ein ekstra spiss på stemnet sette Elias Gausdal og Einar Lundanes då dei fortalde om då dei budde her. | ||||||||
4. juni 2003
|
|||||||||
| Elias Gausdal (t.v.) og Einar Lundanes fortalde levande om livet på Me-Åkneset. | |||||||||
| Køen starta allereie på kaia på Hellesylt. I det fine veret hadde folk tolmod til å vente. Dei tre båtane tok raskt unna. Kø var det også oppover stien til garden. Men dei fleste kom seg til gards før programmet tok til. Sal av rømme- graut og effektar gjekk unna til musikk av Credo Brass, ein samspelt gjeng frå Sykkylven. Dei spelte mellom anna «Kjærlighet fra Gud», eit arrangement av stordalingen Peter Jøsvoll. Leiar i Storfjordens Venner, Anne Lise Lunde, kunne strålande ønskje velkomne til stemne og minte om det var her foreininga heldt sitt første stemne, i 1977. Ein av eigarane, Oddvar Gausdal ønskte velkomne til gards. Som så mange gongar før på sommarstemne, var det presten i Synnylven, Svein Runde, som hadde ord for dagen. Han spøkte med at kanskje han blir det neste restaureringsposjektet. Runde tok utgangspunkt i Oaldsbygda, som han stod med ryggen til, og der han sjølv har tilknyting. Der går det 320 sauer frå Hellesylt og beitar. Dermed kunne Runde spinne vidare på likninga om den gode hyrdingen. Årets stemnetalar var Øivind Lunde, godt kjend i Storfjorden får tida frå arbeidet hos riksantikvaren. No leier han restaureringsarbeidet i Nidarosdomen. Han har vore rundt på fleire av gardane langs fjorden og sett på arbeidet Storfjordens Venner har gjort. Mest imponert var han kanskje over Ytste Skotet, der ein kombinerer formidling og aktivitet. Utan eldsjeler hjelper det ikkje med all verdas offentlege tilskot, sa han. Lunde tok føre seg utviklinga av kulturminnevernet dei siste åra. Han meinte det ikkje er lurt å dele ansvaret, slik det har vore gjort. Den overordna tenkinga kan gå tapt dersom ein deler ansvaret. Ein kan ikkje dele bygningane frå garden, men må sjå heilskapen i kulturlandskapet, sa han og la til at han trudde ikkje det er mulig å oppnå entusiasme blant bønder for produsere eit museumslandskap. Han viste også til at riksantikvaren etter kvart måtte engasjere seg i distrikts- politikk når heile bygdegrender, ikkje minst nordpå, vart fråflytta. Anten må ein hjelpe til for at folk skal bu der eller så må vi seie at dette er historie, det får gå tapt. Det gjed å finne ein balanse, sa Lunde. Han definerte kulturminne som spor etter menneskeleg verksemd, og kvar er ikkje det? Heile landet er eit kulturminne. Vi må bestemme oss for kva vi vil ta vare på og kvifor, sa han og avslutta med å seie at han er imponert over det arbeidet Storfjordens Venner utrettar. Medan hurtiruteskipet Nordkapp passerte i bakgrunnen på veg ut att frå Geiranger fortalde søskenbarna Einar Lundanes og Elias Gausdal levande og godt frå tida då dei budde i Me-Åkneset, Det budde to familiar på garden, og dei hadde kvar sin ende av løa. Løebygningen reiste i fonn på 50-talet, og låg nede inntil Storfjordens Venner kom inn og helpte med å reise den att. Saue- og geitefjøsen gjekk i kryss av kvarandre. Me-Åkneset var ein heil gard fram til 1870-talet, då deira besteforeldre delte den, og den vart delt i teigar. Dei hadde namn på alle åkrane, smiåkeren, langåkeren, bakkeåkeren, insteåkeren, nedsteåkeren og rugåkeren. Alle åkrane er også forklaringa på gardsnamnet. Det var ein grøderik stad, der dei hadde mange frukttre. Under krigen dyrka dei til og med kveite. Dei var i store trekk sjølvforsynte. Elias fortalde om første våren han var der, og hadde tenkt seg til Hellesylt for å feire 17.mai, men hadde ikkje pengar. Han tok med seg nokre egg, som han fekk selje til bakaren på Hellesylt. Eg fekk vel ei tre-fire kroner, så mykje eg berga 17.mai-festen, sa han. Ei anne historie dei fortalde om var då det tok til å snøe julaftan og la ned ein meter i løpet av eit døgn. Geitene gjekk nede ved sjøen. Første juledag tok dei robåten og rodde innmed land. Dei fekk berge nokre første dagen, og slik heldt dei på heile jula til dei hadde fått samla saman alle geitene igjen. Fonna har vore ein stor trussel i alle år på Me-Åkneset, derfor er også husa bygde oppunder hammaren. Elias fortalde etter bestemor si at dersom det snøa mykje i stilt ver for så å gå over på nordvest, då danna det seg ein stor skavl, og så kom fonna. Einar hugsa så vel i 1929, det var det året han gjekk for presten, dei fekk innlagt springvatn, og det vart ei stor lette. Ein dag kom hotelleigaren frå Union på besøk saman med ein Oslo-mann. Bestemor hans stod i kjøkenet borte ved springen og ba dei kome og sjå. Dei forstod ikkje heile kva dei skulle sjå. Dokke ser vel det, her rennje, sa ho. |
|||||||||