Bokskatt på Storheim |
||||
![]() |
Det er mange gamle skattar å finne på Storheim. I ei lita rosemåla kiste har Ottar Storheim teke vare på bøker frå både 1700- og 1800-talet. | |||
12. juni 2003
|
||||
| Det er ein sann bokskatt han har teke vare på, Ottar Storheim. I ei lita rosemåla kiste har han mellom anna ei Luther-katekisme frå 1771. Etter det han har høyrt, var dette den første katekisma, spørsmål og svar om Bibelen og kristendommen, som vart trykt i Noreg, og det skal ikkje vere meir enn fem slike bøker attende i heile landet. I katekisma står namnet til Ole Petter Larssen Giörvad, ein av forfedrane til Ottar Storheim. Giörvad flytte til Liabygda frå Geiranger, og må ha vore ein lærd og bokglad mann. Ottar Storheim har ein handfull bøker etter forfaren. Det er mest religiøse bøker, og den eldste boka i kista er ei bønebok frå 1742. Men Ole Petter Larssen Giörvad ser ut til å ha vore interessert i litt av kvart: Mellom anna finst det att ei fullt lesbar, og truleg mest like brukbar, kjemibok frå 1784. Her er det kjemiske prinsipp og framgangsmåtar innan både saltkjemi og økonomisk kjemi, og det er oppskrifter på alt frå garving og luting til gjæring og framstilling av brennevin. Lenger nede i kista finst gamle rekneskap, notisbøker og skuleskrivebøker. Det meste av dette høyrde til bestefaren til Ottar Storheim, Ole Lied, som flytte til Storheim på 1840-talet. Doctor Morten [!] Luthers Lille Catechismus, Med eenfoldige Spørsmaal [..], Skriftelige Spørsmaal og [...] dyrebare Sentenser af Guds Ord til Troens Bestyrkelse; Nogle udvalde Davids Psalmer; Nogle korte brugelige Bønner, og fleere nyttige Spørsmaal. Boka er nummerert med talet 196, og er trykt i 1771, som skal vere det første året katekisma vart trykt i Norge. |
||||